Hjelpetenester for barn og ungdom

Her finn du ei oversikt over ulike tenester som er retta mot barn og ungdom i kommunen.

Kort fortalt

  • Samlet oversikt over tenester som skal hjelpe barn og ungdom i kommunen.
  • Tenestene våre er gratis (hos fastlegen er det ein eigenandel for dei over 16 år).
  • Alle som arbeider hos oss har teieplikt.
  • Sentralbordet/innbyggartorga (tlf. 70 16 20 00) kan også hjelpe deg med å finne rette teneste.
  • Har du som ungdom behov for nokon å snakke med?
  • Har du som føresett behov for å drøfte bekymringar for barnet eller ungdommen din?
  • Har du som lærar eller andre som arbeider med ungdom behov for å drøfte ei bekymring?

Kommunale hjelpetenester for barn og ungdom

Ta gjerne kontakt med oss:

  • Helsestasjonstenesta arbeider med barn og ungdom. Helsesjukepleiar har treffetid regelmessig på alle skular i kommunen. I tillegg er helsestasjon for ungdom ein stad ungdom kan kome når ein treng hjelp til noko, eller treng nokon å snakke med.
    Skolehelseteneste 6-20 år | Helsestasjon for ungdom
     
  • Fastlegen: Hit kan ein også gå for å snakke om det som er vanskeleg og få hjelp til å bli tilvist vidare dersom ein treng det, for eksempel til BUP poliklinikk (psykisk helsevern for barn og unge), eller til andre tenester i kommunen.
     
  • Familiestøtte har ulike veilednings- og samtaletilbod til barn/unge (0-18 år) og familiane deira. Der er også gruppetilbod både for ungdom og foreldre.
     
  • Barneverntenesta har ansvar for å undersøke og gi hjelp til barn/unge/familiar som har utfordringar i heimen.
     
  • Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom?
    Både barneverntenesta og krisesenteret kan gi hjelp dersom ein opplever vald i familien, eller frå andre som står ein nær. Ved bekymring for om eit barn eller ein ungdom er utsett for vald, skal ein kontakte barneverntenesta.
     
  • Vald i nære relasjonar - sjå kva du kan gjere om du mistenker at nokon er utsatt for vald eller om du sjølv er utsatt for vald eller overgrep heime.
    Krisesenter
     
  • Rask psykisk helsehjelp er eit samtaletilbod til dei over 16 år med angst, depresjon eller søvnproblem. Hjelpa er basert på kognitiv terapi og rettleia sjølvhjelp.
     
  • Psykisk helse og rusteneste har ulike tilbod, hovudsakleg til dei over 18 år. 
     
  • PPT - pedagogisk psykologisk teneste undersøker om det er behov for ekstra hjelp i barnehage eller skule.

Andre hjelparar

Her finn du nyttig informasjon og tips:

Andre tenester utanom kommunen: