Familiestøtte er ei teneste for barn og unge frå 0- 18 år og deira familiar.
Vi i familiestøtte har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Vi har tilbod retta mot kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i.
Ofte hjelper vi barn gjennom deira viktige vaksne,. Vi ønskjer å gi rett hjelp til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er å saman finne vegar som kan bidra til endring.
Vi samarbeider med andre instansar som arbeider med barn og unge, til dømes barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar.
Kva gjer vi?
- Samtale- eller rettleiingstilbod tilpassa det enkelte barn/ungdom/familie sitt behov.
- Ulike grupper for barn og unge.
- Grupper/kurs for foreldre om kommunikasjon og samspel.
- Hjelp til å lose til andre instansar dersom det er ønskjeleg eller nødvendig.
Alle som arbeider i familiestøtte har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønskjer at foreldre skal vere med til samtale.
Meir om ulike tilbod
Alle barn som bur i fosterheim skal ha tilsyn av ein uavhengig person. Familiestøtte har eigne tilsynsførarar som utfører tilsyn med barn som bur i fosterheim i kommunen.
Familiestøtte arrangerer jamleg gruppetilbod med kurs innan foreldrerettleiing eller samtalegruppe for barn og ungdom.
Ein kan søke om dette via søknadsskjemaet vårt eller melde seg på når det vert annonsert.
Barneblikk er ei satsing i samarbeid med helseføretaket og består av eit tverrfagleg familieteam som gir eit lavterskeltilbod til dei som ventar barn eller har sped- eller småbarn, og som har utfordringar knytt til eigne eller andre si psykiske helse og/eller rusmiddelbruk.
Barneblikk Helse Møre og Romsdal
Dette er eit tverrfagleg samansett team med ulike fagpersonar frå fleire verksemder.
Teamet har spisskompetanse knytt til dei minste barna 0-4 år, oppfølging og rettleiing av enkeltfamiliar, samt konsultasjonstilbod for barnehagar evt. andre aktuelle tenester. Kan også gi rettleiing ute i barnehagane ift. enkeltbarn.
Målsettinga er å kome raskt til med hjelp og finne fleksible løysingar ilag med den enkelte familie.
Vi har to tverrfaglege team som er geografisk inndelt (nordre og søre).
Teama tek imot søknader i høve foreldrerettleiing, familieterapi, individuelle samtaletilbod i høve psykisk helse for barn og unge, utfordringar knytt til rus, samspel og kommunikasjonsutfordringar i familien, samt styrking av foreldrerolla. I teama har ein ulik fagkompetanse og ein kan bidra med ulike perspektiv og ein nyttar ulike verktøy og metodar i arbeidet.
Grunnskuleteamet er eit kommunedekkande team som er satt saman av ulike faggrupper som har særleg kompetanse i høve å førebygge og handtere psykososiale utfordringar hos barn og unge i grunnskulen.
Teamet jobbar inn mot elev, foreldre, grupper, lærar, skuleleiing og evt. andre samarbeidspartar.
Grunnskuleteamet har også ei stilling som LOS i høve bekymringsfullt fråvær i skulen.
VIT er eit kommunedekkande team som har spesiell kompetanse inn mot samansette utfordringar knytt til barn og unge i grunnskulealder.
VIT er eit nettverksbasert tiltak der ein jobbar med fleire arenaer rundt barnet med mål om å fremme god helse og utvikling hos barn og familien.
Tiltaket er eit tilbod til familiar som ønsker endring og er motiverte for intensiv innsats over ei periode.
Korleis få tilbodet?
Foreldre og ungdom over 16 år kan sjølv ta kontakt med oss.
Andre instansar som er i kontakt med barnet, ungdommen eller familien kan også søkje i samråd med dei det gjeld. Tilbodet hos oss er gratis og frivillig.
Du kan fylle ut søknadsskjemaet vårt og sende det i posten. Vi arbeider med å utvikle eit elektronisk søknadsskjema. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.
Sjå også