For tilsette

All intern informasjon for deg som er tilsett i Ålesund kommune finn du på intranett. 

Korleis kjem eg inn på intranett?

På intranett finn du personalhandbok, lønsinformasjon, kvalitetssystemet Compilo, diverse skjema og anna som er viktig for deg som tilsett.

Intranettet er ein del av Office 365, det er nettbasert og ein må vere tilsett og logge seg på for å få tilgang.

Er du tilsett kan du logge deg på intranett her. Om du er usikker på korleis du kjem deg på intranett kan du kontakte leiaren på arbeidsplassen din.

Korleis loggar eg på Office 365?

Pålogging via web på http://portal.office.com. Du kan logge deg inn der med brukarnamn@alesund.kommune.no og ditt vanlige kommunepassord.

Korleis kan eg lese jobbmailen min heimanfrå eller på mobil?

Alle tilsette har tilgang til e-postboksen sin via intranett, som du får tilgang til via Office 365. 

Korleis sjå turnus og registrere arbeidstid?

Tilsette i Ålesund kommune skal bruke MinGat for å sjå eigen arbeidsplan og registrere arbeidstid. Du får også informasjon om avdelinga, som vaktbok, liste over tilsette og ledige vakter. Logg deg på MinGat her.

Tilsette i kommunale selskap som brannvesenet, 110-sentralen, Ålesund - og Sunnmøre parkering og Ålesund kommunale eigedom skal bruke ein annan versjon av programmet: MinGatBrann

Korleis kan eg sjå lønnsslippen min? 

Ved å laste ned appen Visma employee til mobiltelefonen din vil du få full oversikt over tidlegare lønnsslippar. Du får også varsel når ein ny lønnsslipp er tilgjengeleg, og vil til kvar tid ha oversikt av lønn, utlegg og trekk. 

For å kunne ta i bruk appen må du registrere inn mobilnummeret ditt i Visma Enterprise Plus under "Mi side", personalia og mobil privat. Visma Enterprise Plus finn du via intranett. 

Eigenmelding ved sjukdom

Om du ikkje kan gå på jobb skal du melde frå til leiar. Leiar opprettar skjema for eigenmelding i MinGat for dei som brukar det, andre nyttar skjema frå personalhandboka.

Korleis finn eg...

Skolar: Innlogging på IST for lærarar her, det skoleadministrative systemet. 

IKT-brukarstøtte

Brukarstøtte IT kan hjelpe deg med følgjande; passordskifte, tilganger, PC problem, Microsoft Office, e-post,  installasjon av programvare, nettverk/trådlaus aksess, telefoni, skjerm, VPN løysing, utskrift, bestilling av PC (leiar) og bestilling av skrivar (leiar).

  • Meld saka på vår IKT Brukarportal
  • Meld saka ved bruk av e-post adressa it-support@alesund.kommune.no
  • Om du ikkje får logge deg på PC-en / e-post, eller feilen fell under kategorien høg eller kritisk, kan du ringe (70 16) 29 99.

Reglement for tilsette

Her finn du reglement som gjeld for tilsette i Ålesund kommune.