Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke alesund.kommune.no. Derfor arbeider vi kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar for tilgjengeligheit.

Kort fortalt

  • Viktige  grunnsteinar i vårt nettarbeid er:
    • god kommunikasjon
    • klart språk
    • universell utforming

Tiltak for å støtte tilgjengeligheit

Vi skal:

Dette jobbar vi med

Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi bruker bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også komme fram i form av tekst.

Slik jobbar vi med dette: 

  • Alle som publiserer på alesund.kommune.no får jamleg opplæring og rettleiing i korleis skrive for nett.
  • Gjennom jamleg testing avdekker vi og rettar opp i avvik, slik at brukaropplevinga blir best mogleg. Vi nytter mellom anna verkøyet Monsido til dette. 

Dette prioriterer vi i 2023: 

  • Ålesund kommune har fått ny grafisk profil som skal bli implementert på nettstaden. Det vil rette problem med kontrastar.
  • For informasjon som må være tilgjengeleg i pdf-format vil vi gjere nødvendige tiltak for å tilpasse dei til krava om universell utforming. 
  • Vi skal digitalisere skjema som ikkje må være i pdf-format
  • Vi vil sikre universell utforming ved valg av tredjepartsløysingar og utvikling av eksisterande løysingar.

Sei ifrå om manglande tilgjengeligheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer at det vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelighet!

Gi beskjed om noko feil på nettstaden

Tilgjengelegheitserklæring

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.

Les tilgjengelegheitserklæringa vår her

Fleire tilgjengelegheitserklæringar

Dei fleste eksterne tenester og tredjepartsløysingar som vi nyttar oss av, har eigne tilgjengelegheitserklæringar liggande direkte på den aktuelle sida. For nokre løysingar er det ikkje mogleg å publisere eigne lenker per dags dato, så derfor har vi ei liste over dei erklæringane her:

Ansvarleg for nettstaden

  • Kommunikasjon er systemeigar for vår publiseringsløysing (ACOS CMS).
  • Kommunalområda og verksemdene er ansvarleg for sitt eige innhald på nettstedet.
  • Ansvarleg redaktør er kommunikasjonssjonssjef Christine Rørvik.
  • Nettredaktør er kommunikasjonsrådgivar Anette W. Petersen