Vil du melde bekymring til barnevernet?

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom og lurer på om du skal kontakte barnevernet? 

Kva er du bekymra for?

Dette er dei vanlegaste grunnane til at barn, unge eller vaksne tar kontakt med barnevernet:

  • vald eller overgrep mot barn, eller mellom føresette
  • vanskar med rus eller alkohol
  • psykiske vanskar
  • barn får mangelfull omsorg

Bekymringsmeldinga di kan vere avgjerande for barnet det gjeld. Å kome tidleg i gong med hjelp er viktig, og kan hindre at vanskane blir for store.

Mange som bekymrar seg for barn og ungdom er redde for at dei overreagerar eller feiltolkar signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige vanskar.

Det er barneverntenesta som har ansvar for å vurdere bekymringa, og om det er nødvendig med hjelp. Andre har til oppgåve å sørge for at barneverntenesta får kjennskap til barn som har det vanskeleg.

Kven kan melde frå til barnevernet?

  • Privatpersonar, som føresette eller andre i familien, venner eller naboar kan levere/sende bekymringsmelding til barnevernet. Dei kan vere anonyme.
  • Skular, barnehagar og andre offentlege instansar pliktar å kontakte barneverntenesta dersom dei opplever at det er grunn til bekymring. Offentlege instansar kan ikkje vere anonyme.
  • Barn og familiar kan søke om hjelpetiltak frå barneverntenesta. Sjå også heimebaserte tenester.

Slik melder du frå til barnevernet  

Du kan sende inn ei bekymringsmelding eller ringe:

  • Telefon til Barnevernvakta for Sunnmøre: 91 57 60 20
  • Telefon til politiet: 02800/112 (gratis)
  • Telefon til alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (gratis)

Post:
Ålesund kommune
Verksemd for barneverntenester
Postboks 1521
6025 Ålesund

Digitalt:
Ved bruk av Digipost vil brevet gå rett til det skjerma elektroniske fagsystemet som barnevernet bruker:

  • For barnevernvakta for Sunnmøre, bruk organisasjonsnummer 992 421 444
  • For Ålesund og Fjord barnevernteneste, bruk organisasjonsnummer 985 697 159

Dette skjer når du melder frå

Vi vil i løpet av ei veke avklare om det du er bekymra for er noko som må følgast opp. Vi tar då kontakt med barnet/ungdommen, føresette og andre som kan seie noko om det bekymringa gjeld.
Om det er behov for hjelp, finn vi tiltak i lag med barnet/ungdommen og føresette som skal bidra til positiv endring i familien.

Informasjon om barneverntenesta

Ansvarleg for tenesta