Mi side

Velkomen til Mi side

På Mi side finn du ei samling digitale tenester frå Ålesund kommune. 

For å få tilgang til Mi side, må du logge deg inn via ID-porten. Les meir om dei ulike innloggingsmetodane og korleis du kan bestille dei (norge.no).

Nokre av tenestene og informasjonen på Mi side kan innehalde sensitive personopplysningar. Viss du har logga deg på med Minid får du ikkje desse detaljane. Viss du prøver å opna ei side som inneheld sensitive personopplysningar, vil du bli bede om å logga deg inn på nytt med eit høgare tryggingsnivå (til dømes BankID).

Kva tenester finn eg på Mi side?

Dette kan du nå få tilgang til når du er pålogga:

Mine faktura

Få full oversikt over alt som har med kommunale faktura å gjere. Her finn du: 

  • Alle faktura du har fått frå kommunen
  • All info du treng for å betale ein faktura
  • Mulighet til å laste ned (PDF) eller skrive ut faktura
  • Mulighet for å søkje om betalingsutsetjing - med svar på sekundet

Min eigedom

  • Mulighet til å endre kor ofte du får faktura for kommunale avgifter. Du kan velje mellom å få faktura kvar månad, ein gong i kvartalet eller ein gong i året.

Mine skjema

Sjå digitale skjema til Ålesund kommune som du har sendt inn, eller har begynt på.

Andre tenester

Desse tenestene finn du også via Mi side, men du må logge deg på med MinID: 

  • Føresettportalen - Her kan du søke om plass i barnehage, SFO og skrive inn til skolen. Det er her du administrerar plassen i barnehage og SFO.
  • It's Learning - Her får til tilgang til læringsplattformen om du har barn i grunnskolen.
  • Speedadmin - Her kan du søke og administrere elevplass i Ålesund kulturskole.