Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod til deg over 16 år og over ein kortare tidsperiode. Tilbodet er for deg med lettare til moderate symptom på angst, depresjon eller søvnvanskar.

Kva er rask psykisk helsehjelp? 

Behandlinga er basert på kognitiv terapi. Kognitiv terapi/metode krev at du sjølv deltar aktivt, blant anna gjennom heimeoppgåver og øvingar. Det er viktig at du er motivert for å kunne nytte dette tilbodet.

Her kan du få kognitiv behandling utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg. Målet med behandlinga er at du skal oppleve at du meistrar kvardagen, får det betre og får færre symptom.

Kva for behandlingstilbod hos oss som vil passe best, vurderer vi saman med deg. 

Ulike behandlingstilbod

Kven er tilbodet for? 

Tilbodet er for personar som er busette i Ålesund kommune.

 Kven passar ikkje tilbodet for ?

 Rask psykisk helsehjelp passer ikkje dersom du:

  • Har behov for akutt helsehjelp - da må du ta kontakt med legevakta på telefon 116 117 (døgnope) eller kontakt fastlegen din på dagtid for å få akuttime. 
  • Har alvorlege eller samansette psykiske vanskar
  • Står i ei akutt livskrise, eller har behov for langvarig behandling
  • Mottek eller er tilvist til annan psykisk helsehjelp, som til dømes psykiatrisk poliklinikk.
  • Mottek kommunale tenester knytt til psykisk helse.
  • Dersom du er student i Ålesund, ber vi om at du først undersøker om det kan vere aktuelt for deg å nytte deg av av Studentsamskipnaden i Ålesund sine tenester, knytt til psykisk helse.

​Kven er vi?

Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av psykolog, psykiatriske sjukepleiarar og sosionomar. Alle har vidareutdanning, eller er under utdanning innan kognitiv terapi. Vi samarbeidar med andre instansar dersom dette er hensiktsmessig, f.eks. fastlege. Dette skjer i samråd med deg. Vi har teieplikt, slik som anna helsepersonell.

Slik søkjar du rask psykisk helsehjelp

Tenker du at du er i målgruppa og ønskjer eit tilbod frå oss? Da må du bestille deg time til ein kartleggingssamtale over telefon. Denne samtalen vil vi bruke til å finne ut om Rask psykisk helsehjelp er rett tilbod for deg. 

Bestill time 

  1. Når du har bestilt time; vil du få stadfesting på time i HelsaMi, seinast dagen før tidspunktet du har valgt. 
  2. Du vil få tilsendt nokre kartleggingsskjema i HelsaMi, seinast dagen før timen. Desse skal du svare på før vi ringer deg.

Vi legg ut nye timar til kartleggingssamtale for to veker i gangen.

Treng du rettleiing i bruk av HelsaMi kan du ringe brukarstøtte for HelsaMi på tlf. 72 88 37 97 (kvardagar frå 09:00 - 15:00).

Stor pågang

Det er stor pågang på våre tenester. Om du ikkje finner ledige timer, så prøv igjen seinare. Vi legg ut ledige timar fortløpande. 

Kva kostar tilbodet?

Rask psykisk helsehjelp er gratis, og du treng ikkje tilvisning frå lege. 

For samarbeidspartnarar

Om du er samarbeidspartar (fastlege, helsesjukepleiar og liknande) og vil vite meir om Rask psykisk helsehjelp, kan du sende inn eit Samarbeidpartnerskjema.

Kvar finn du oss?

Våre lokale er i Fjellgata 42 på Klipra

Ansvarleg for tenesta