Legevakt

Ålesund er vertskommune for eit interkommunalt legevaktsamarbeid mellom kommunane: Ålesund, Sula, Giske, delar av Stranda kommune (Geiranger og Liabygda), Fjord og Vestnes. Ålesund kommune har ei legevakt på Åse og ein legevaktstasjon i Ørskog.
 

Kort fortalt

  • Telefonnummer: 116 117
  • Avd. Ålesund: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
  • Avd. Ørskog: Sjøholtvegen 86, 6240 Ørskog

Ved behov for akutt helsehjelp

  • Når liv og helse står i fare, ring medisinsk naudnummer 113
  • For akutt hjelp på dagtid – ring fastlegen din. Har du ikkje fastlege i området vil du få nødvendig hjelp i kommunedelen du er i. Ta kontakt med legevakta som vil vurdere behov, og sette deg i kontakt med næraste legevakt/legekontor.
  • For akutt hjelp på kveld/natt/helg – ring 116 117

Når skal du kontakte legevakta?

  • Ta kontakt med legevakt ved akutt sjukdom, forverring av sjukdom eller skadar som treng akutt hjelp, og ikkje kan vente til neste dag.
  • Ring på førehand. Du får snakke med ein sjukepleiar som kan gi deg råd, rettleiing og hjelp til å vurdere om du treng rask helsehjelp, eller om du kan vente.

Ved legevakta vil du bli vurdert og prioritert etter hastegrad. Dei mest alvorlege tilstandane blir behandla først, og ventetida vil variere. Dersom tilstanden din blir forverra i ventetida, må du venda deg til sjukepleiar. Legen kan også bli kalt ut til akutte hendingar, og ventetida kan difor bli lengre enn forventa.

Eksempel på ting som ikkje skal til legevakt:

  • Lege- og helseattestar
  • Sjukmeldingar der behandling ikkje er eit krav.
  • Fornying av reseptar (med unntak av livsviktige medisinar)
  • Reseptar på A og B-preparat
  • Kontroll og utgreiing av kroniske sjukdommar
  • Innlegging av prevensjonsmiddel (eks. spiral)
  • Planlagt injeksjonssetting
  • Rustesting (berre på oppdrag frå politiet)

Praktisk informasjon

Legevakta er døgnopen.

Betaling:

Eigendel for legekonsultasjon skal betalast på betalingsterminal ute på venterommet.

Dersom eigendel ikkje blir betalt på betalingsterminal vil det automatisk bli sendt ut ein giro. Fakturagebyr vil då komma i tillegg.

Ver oppmerksam på at sjølv om du har frikort eller anna fritak frå eigendel for behandling, skal du likevel betale for tenester som ikkje blir dekt av Helfo. Dette kan vere bruk av utstyr og materiell, eller kjøp av materiell og attestar m.m.

Spørsmål om faktura må rettast til legevakta på dagtid mellom kl. 08:00-15:00.

Transport

Du kan få dekt pasientreisa di når legen vurderar at det er medisinske årsakar til å reise med drosje.

Ring til legevakta for å gjere avtale om du kan/vil få dekt drosjerekvisisjon.

Sjå meir informasjon om pasientreiser.

Parkering

Det er parkeringsplassar for besøkjande ved hovudinngangen til legevakta.

Reseptar

Legevakta skriv berre ut medisinar som gjeld den akutte behandlinga. Vanedannande medisinar (gruppe B) blir berre skrivne ut når det er nødvendig, og alltid i minstepakningar. Faste medisinar må ein få resept på hos fastlegen. Reseptar hentast ut på apotek. Dersom apoteket er stengt får ein med seg startdosen på behandlinga frå legevakta.

Apotek

Vaktapotek: Apotek 1 Klokkersundet i Klokkersundvegen 2 (i same bygg som Kiwi Klokkersundet), har opent søndagar kl 18.00 - 20.00. 

Finn ditt apotek i Alesund (Apotekforeningen)

Tilbakemeldingar til legevakta

Tilbakemeldingar frå våre brukarar er ein viktig del av kvalitetssikringsarbeidet.

Tilbakemeldingar skal vere skriftlege og sendast til :

Ålesund kommune
Ålesund Interkommunale legevakt v/ leiar
Postboks 1521
6025 Ålesund kommune

Klager kan også sendast til helsetilsynet, eller du kan venda deg til pasientombodet.

Sjå også

Linkar

Giftinformasjon

Kjernejournal

 

Ansvarleg for tenesta