Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) jobbar for å inkludere alle barn, ungdom og vaksne i utdanningsløpet.

Kort fortalt

  • PPT skal hjelpe barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at dei legg til rette for barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særlege behov.
  • PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Dersom du som forelder eller føresett er bekymra, kan du ta kontakt med skulen eller barnehagen. 
  • PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særleg behov for tilrettelegging. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særlege behov. 

Kontaktinformasjon

E-postadresse: pp-tjenesten@alesund.kommune.no

Telefonnummer til Ålesund PPT: 70 16 25 00

Ansvarleg for tenesta