Jobbtilbod og mentorordning for barn og unge

Har du ein ungdom som har ei byrjande utfordring rundt utanforskap, avvikande åtferd og rus? 

Prosjekt Rundskue handlar om meistring som moglegheit for ungdom mellom 12 – 19 år. Hovudmålet er å gi dei unge ein medverknad over eige liv. Gjennom prosjektet vil koordinator Sindre Olsen vere eit bindeledd mellom ungdom, føresette, mentor, næringslivet, skule og andre samarbeidspartar. 

Mentor 

Treng ungdommen ein mentor, ein som kan vere der etter skuletid og i helgar for å finna på aktivitetar, gjere lekser eller å ha nokon å prate med? Om ungdommen er mellom 12 – 19 år kan ein søke om ein mentor gjennom prosjekt Rundskue. Ungdommen er med på å «handplukke» mentoren sin. Mentoren skal gi ungdommen positive opplevingar, tilhøyrsel, annerkjennelse og meistring. Relasjonen mellom ungdommen og mentor har både ein sosial og praktisk funksjon, og inneber eit forpliktande og likeverdig samarbeid. Mentor blir lønt gjennom prosjektet og får tett oppfølging frå prosjektkooridnator. Ein kan få opp til 8 timar i veka med eigen mentor. 

Arbeidstiltak 

For ungdommar mellom 16 – 19 år kan ein søke om å få lønnsstøtte til ein jobb. Saman med prosjektkoordinator kan ein komme med ønske om kvar ein kunne tenke seg å jobbe. Ungdommane er lønte gjennom prosjektet, men dei ulike bedriftene følgjer opp ungdommane og inkluderer dei i arbeidslivet i dei ulike bedriftene. Med gode arbeidstiltak kan ein få høve til meistring og tilhøyrsel. Arbeidstiltaket er ikkje i staden for skule, men i tillegg til. Ein kan få opp til 8 timar pr veke med lønnsstøtte for arbeid. 

Prosjektet er lågterskel og ein treng inga tilvising. Føresette, skular eller andre hjelpetenester kan ta kontakt. 

Har du spørsmål eller ønsker å drøfte ei utfordring for å sjå om ei mentorordning eller jobb er rett tiltak for din ungdom? Ta kontakt med prosjektkoordinator Sindre Olsen, telefon: 949 84 947 eller send ein e-post til: sindre.olsen@alesund.kommune.no 

Sommarmentor

Skolekretsane Blindheim, Vatne, Ellingsøy og Skodje har i sommar tatt utfordringa med å lage aktiviteter slik at ungdom får sjansen til å ha eit treffpunkt og vere aktiv i sommarferien. Målgruppa er ungdom mellom 12 – 16 år.

Følg med på skoletretsen si facebookside for å få ei oppdatering på dei ulike tilboda.

Sommarmentor på Blindheim

Sommarmentor på Blindheim
Veke Dag Stad
Veke 26
Måndag 26. juni Blindheimsbana kl 14 – 18
Fredag 30.juni Blindheimsbana kl 14 – 18
Laurdag 1.juli Stavsetneset, Vegsund kl 17 - 21
Veke 27
Tirsdag 4.juli Blindheimsbana kl 17 – 21
Torsdag 6.juli Stavsetneset kl 14 – 18
Søndag 9.juli Blindheimsbana kl 17 – 21
Veke 28
Mandag 10.juli Blindheimsbana kl 14 - 18
Onsdag 12.juli Stavsetneset kl 14 - 18
Lørdag 15.juli Blindheimsbana kl 14 - 18
Veke 30
Lørdag 29.juli Blindheimsbana kl 18 – 21
Veke 31
Onsdag 2.august Blindheimsbana kl 18 – 21
Fredag 4.august Blindheimsbana kl 18 – 22
Tobias og Ferdinand er sommarmentorar

Sommarmentor på Skodje

Sommarmentor på Skodje
Veke Dag Stad
Veke 26
Tysdag 27. juni Open hall 11-15
Torsdag 29. juni Open hall 11-15
Veke 29
Måndag 17. juli Open skule 09-15
Tysdag 18. juli Open hall 10-16
Onsdag 19. juli Open skule 09-15
Torsdag 20. juli Open klubb 10-16
Veke 30
Måndag 24. juli Open skule 09-15
Tysdag 25. juli Open hall 10-16
Onsdag 26. juli Open skule 09-15
Torsdag 27. juli Open klubb 10-16
Veke 31
Måndag 31. juli Open skule 09-15
Onsdag 02. august Open hall 11-15
Torsdag 03. august Open klubb 11-15
Veke 32
Måndag 07. august Open klubb 12-15
Onsdag 09. august Open hall 18-20
Veke 33
Måndag 14. august Open klubb 12-15
Onsdag 16. august Open hall 18-20
Lise er sommermentor

Sommarmentor på Vatne

Sommarmentor på Vatne
Kvar veke Dag Stad
Onsdag Ungdomsklubben 20 - 22.30
Torsdag Ungdomsklubben 20 - 22.30
Fredag Ungdomsklubben 20 - 24
Laurdag Ungdomsklubben 20 - 24
Lars Daniel og Marie er sommarmentorar. Ungdomsklubben byr på aktivitetar som volleyball, boccia, fotball, ku og proff, frisbeekonkurransar, slåball og andre aktivitetar. Pizza og anna mat ved behov. Ungdomsklubben er open fram til skolestart.

Sommarmentor på Ellingsøy

Amalie er sommarmentor. I veke 27, 28, 29 og 30 har Amalie ulike aktivitetar for ungdom på Ellingsøya. Følg med på instagram: Sommermentor_ellingsøy for ei oversikt over aktivitetar.