Kva?
Ålesund vaksenopplæring er ein skole for vaksne elevar over 16 år frå 64 land, og det blir snakka endå fleire språk her. Vi har ei grunnskoleavdeling med 76 elevar, og ei norskavdeling med 268 elevar. Vi har også ei stor spesialpedagogisk avdeling. Deltakarane våre kjem frå mange ulike kulturar, og dei har ulik skolebakgrunn. Nokre har inga skoleerfaring, medan andre har høg utdanning.
Kvifor?
I matematikkprosjektet med fleirspråkleg støtte deltar elevar utan tidlegare skolebakgrunn, og som er i begynnerfasen i å lære norsk. Eit anna kjenneteikn ved deltakarane i prosjektgruppa er at dei har klart seg godt i eit samfunn utan å forhalde seg til skrift. Dei har likevel på ulike måtar forhalde seg til tal, men utan noko form for bruk av skrift. Dei har brukt andre matematiske strategiar i dagleglivet enn det som er vanleg for personar med skolebakgrunn. Her i Noreg derimot, er det heilt avgjerande å kunne forstå skriftlege symbol. I kva grad og korleis ein kan gjere bruk av rekning, lesing, skriving og meiningsutveksling med tal, blir kalla for matematisk literacy. Målet i prosjektet er å auke deltakarane sin matematiske kompetanse som dei treng i kvardagen. I prosjektet prøver ein ut matematikkopplæring med fleirspråkleg støtte, då erfaring og forskning viser at læring skjer raskare på eit språk ein meistrar godt, parallelt med at det norske språket blir utvikla.
Korleis?
Vi gir foreløpig fleirspråkleg støtte på arabisk og kinyabwisha. Morsmålslærarane våre kan også andre språk, slik at dei i tillegg kan gi støtte på språka swahili, fransk og pashto. Nokre av deltakarane kan også fleire språk i tillegg til førstespråket sitt. Vi prøver å ta i bruk dei ulike språka for å få fram matematiske begrep og reknemåtar. Det å bruke dei fleirspråklege ressursane sine når ein skal lære noko nytt, ser vi på som ein fordel for rask og god innlæring, samtidig som det respekterer deltakarane sin identitet. På morsmålet kan dei resonnere og diskutere ulike begrep og algoritmar, som deretter kan danne grunnlag for betre forståing av dei norske begrepa, og føre til djupare læring.
Saman med fleirspråkleg støtte prøver vi å bruke metodar og innlæringsstrategiar i matematikkundervisninga som både er meiningsfulle og lette å huske. Vi prøver heile tida å trekke inn symbol fra dagleglivet rundt oss i undervisninga, slik at deltakarane blir bevisste på matematikken som vi omgir oss med. Vi brukar mykje konkretar frå den vaksne sin kvardag, og vi går ut i butikkar og i byrommet for å ta bilde av matematiske symbol, leser på kvitteringar, rekningar og brev. Gradvis vil konkretane bli erstatta av bilde, teikningar, talsymbol og andre symbol. Det å få ei matematisk bevisstheit og kunne generalisere frå det konkrete til det abstrakte er eit viktig mål i undervisninga.
Når
I skoleåret 2022/2023 vil det bli laga 3 -5 filmar om ulike matematiske tema frå prosjektet på norsk, arabisk og kinyabwisha og eventuelt somalisk. Det vil også bli laga metodeskildringar i samband med filmane som forklaring/lærarressurs. Desse ressursane vil bli publisert på HK-dir sine sider.
Kven
Ålesund vaksenopplæring v/ Lene Meck Kvassheim, avdelingsleiar grunnskole for vaksne.
Rettleiar for prosjektet er Marianne Eek frå Høyskolen i Innlandet.