Søk helse og omsorgstenester

Slik søker du om helse- og omsorgstenester.

Når du søker om helse - og omsorgstenester vurderer Koordinering og tildeling, saman med deg, kva teneste(r) du har behov for. Du fyller derfor ut ein generell søknad, der du blir bede om å beskrive situasjonen din og kva du treng hjelp med. Det er ett/same søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester.

Kva hjelp kan du få?

Slik søker du

I søknadsskjemaet beskriv du behova dine, og kva du treng hjelp til.

Nokre gonger treng vi informasjon om deg som er teiepliktig, frå til dømes fastlege, helsepersonell eller andre for å kunne vurdere søknaden. I søknaden kan du velje å samtykkje til dette.

Bruk helst Helsa- Mi for å søke om helse- og omsorgstenester. Du kan bruke appen Helsa- Mi eller klikke lenken nedenfor. Ved å bruke Helsa-Mi når du søker, vil søknaden komme direkte inn på Tildelingskontoret sine arbeidslister og prosessen vil kunne gå raskare. Du kan også gi dine pårørande tilgang i Helsa- Mi, slik at dei kan bistå med å søke. 

Søk teneste i HelsaMi

Når du søker i HelsaMi

  • Trykk på: “Send inn henvendelse”. 
  • Svar på om du har barn under 18 år. 
  • Velg: “Koordinering og tildeling”. 

Søknadskjema (papirutskrift)

Når du søker via papirskjema

Papirskjema er for deg som ikkje kan bruke digitalt skjema. Du kan laste det ned frå linken ovenfor, eller få det frå innbyggartorget. Papirskjemaet må du signere og sende som sikker eDialog eller  i posten til Ålesund kommune, Tildelingskontoret, Helse- og omsorgstenesten, Postboks 1521, 6025 Ålesund. 

Søke på vegne av nokon andre? 

Skjemaet er digitalt og krev at du loggar inn med BankId.

Dersom du søker på vegne av ein annan, må du krysse av for det i skjemaet. Du må også ha ei skriftleg fullmakt frå den du søker på vegne av. Den kan du laste opp i søknaden.

Svar på søknad

Vi tek kontakt med deg etter at vi har mottatt ein søknad, og vi vil i samarbeid med deg finne ut kva hjelpetilbod du har behov for. I nokre tilfelle kjem vi heim til deg for å finne dei beste løysingane. Tenesta blir tildelt etter ei fagleg vurdering. Vi har teieplikt og behandlar alle søknadar og personlege opplysningar konfidensielt.

Sakshandsaming 

Vi prøver å behandle alle søknader innan 4 veker. Du får beskjed om vi treng lengre tid.

Om du får vedtak på tenester, blir den eninga som skal utføre tenesten varsla om at dei skal starte opp. 

Klage på helse- og omsorgstenester

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar, eller at du ikkje har motteke dei tenestene du har krav på. 

Slik kan du klage på på helse- og omsorgstenester

 Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda våre. I svaret får du og informasjon om korleis du klagar og klagefrist. 

Ansvarleg for tenesta