Søk om å få støttekontakt

Søk om å få støttekontakt

Støttekontakt er ei teneste til personar i alle aldrar som har behov for bistand for å delta på fritidsaktivitetar utanfor heimen. Dette kan vere på grunn av funksjonshemming, sosiale vanskar eller andre årsaker.  

Kva får du?  

Støttekontakten skal vere med deg på ulike fritidsaktivitetar som kino, teater, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar.  

Det er ikkje krav om at støttekontakten skal ha fagleg bakgrunn, men støttekontakten blir følgt opp av fagfolk. Støttekontakten må legge fram politiattest.

Krav til søkar  

Tenesta er meint for personar i alle aldrar som har dette behovet.  

Kostnader

Du må dekke utgifter til aktivitetar de gjer saman, som til dømes inngangspengar til svømmehall, kino, mat, parkering osv. Det er ingen eigendel på støttekontakttenesta.

Du kan ha rett på følgjekort, som gjer at følgjar/støttekontakt får gratis inngang eller redusert pris.  

Søknad

 Søk om å få støttekontakt

Søknadsfrist  

Det er ikkje søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande av Koordinering og tildeling

Ansvarleg for tenesta

Til toppen