Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit heildøgns tilbod til personar som har behov for hjelp og pleie i kvardagen. Målet er at du skal bu i eigen bustad lengst mogleg.

Heimesjukepleien skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at pasienten skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleien si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det pasienten ikkje meistrar sjølv.

Kva tilbyr vi?

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er avhengig av hjelp innanfor følgjande område:

  • nødvendig pleie og omsorg
  • hjelp til medisinar/injeksjonar
  • sårbehandling
  • tilsyn og observasjonar
  • opplæring og rettleiing
  • omsorg ved livets slutt

 

Kven kan få heimesjukepleie?

Ved vurdering av søkjaren vektlegg vi:

  • om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta dei grunnleggjande behova sine.
  • om søkjaren er avhengig av hjelp til handtering av legemiddel, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m.

Den endelege anbefalinga blir sett i samanheng med anna hjelp søkjaren kan få frå kommuna. Det blir fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta.

Kva kostar det?

Tenestetilbodet er gratis.

Slik søker du

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknaden blir behandla og vedtatt i avdeling for Koordinering og tildeling.

Klage på vedtak

Klage kan rettast til avdeling for Koordinering og tildeling, med heimel i kommunehelsetenestelova. Klagefristen er 3 veker etter mottatt vedtak. Dersom klagar ikkje får medhald, går klagen til kommuna si klagenemnd. Dersom klagar framleis ikkje får medhald i klagen, kan ein klage til Statsforvaltaren.

Ansvarleg for tenesta