Søk tilrettelagd bustad

Tilrettelagde butilbod passer for deg som på grunn av alder, funksjonsnedsetting eller av andre årsaker ikkje mestrar å bu i ein ordinær bustad. Her kan du få tettare oppfølging av enten personale på huset eller av ambulerande tenester frå nærliggande base.

Kven kan få tildelt tilrettelagde butilbod?

Tilbodet er for deg som har

  • psykisk liding
  • rusvanskar
  • fysisk funksjonsnedsetting
  • psykisk utviklingshemming  
  • har nådd ein høg alder og har særlege hjelpebehov

Kva kan du få?

Det er nokre bustader med fast personell knytt til bustadane, og andre tilrettelagde butilbod er basenære slik at det er lett å få ambulerandre tenester. Den enkelte får vedtak på butilbod og praktisk og personleg bistand ut frå individuelle behov.

Tilrettelagde bustader er i hovudsak toroms.

Nokre av bustadane er prioritert for spesielle grupper, og bustadane er spreidd geografisk i kommuna. Det kan ikkje søkast særskilt på ei bustadsadresse, tildeling vil vera avhengig av kva som er ledig og kva som passar best til søkar sine behov. Nøyaktig kvar bustaden ligg får du informasjon om av saksbehandlar.

Slik søker du

Bustadane blir tildelt etter ei samla vurdering av søkar sitt hjelpebehov. Det er difor viktig med god dokumentasjon frå lege, behandlingskontakt eller kommunale tenesteytarar. Sjå rettigheiter til helsetenester

Søk om tilrettelagd bustad

Søknadar blir behandla av koordinering og tildeling fortløpande. Det kan være at du oppfyller kriteria for å få tildelt tilrettelagt bustad, men at det ikkje er ledige bustader tilgjengelige. Då blir du sett på venteliste, og får tildelt når eigna bustad blir tilgjengelig.

Prisar

Det er ulike prisar på dei kommunale bustadene, og prisane blir fastsett av Ålesund kommunale eigedom KF ut frå prinsippet om gjengs leige.

Sjå også

Dersom du ikkje treng tilrettelegging må du søke på ordinær kommunal bustad. 

Ansvarleg for tenesta