Praktisk bistand

Praktisk hjelp til daglege gjeremål i heimen kan tildelast personar som har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsakar. Er behovet for hjelp av midlertidig art, vil målsettinga vere at brukaren etter kvart skal kunne klare meir sjølv.

Kven kan få tilbodet?

Praktisk bistand kan tildelast personar som har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. Er behovet for hjelp av midlertidig art, vil målsettinga vere at brukaren etter kvart skal kunne klare meir sjølv.

Tenesta praktisk bistand kan tildelast etter søknad og ei fagleg vurdering av behov. I vurderinga av behovet for hjelp tar vi omsyn til:

  • Dine eigne moglegheiter for å klare eller ta del i oppgåvene.
  • Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
  • Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt.

Slik søker du

Søk om helse- og omsorgstenester 

Det er Koordingering og tildeling som vurderer søknaden. 

Klage på vedtak eller teneste

Pris

Sjå prisane for heimebaserte tenester i Ålesund kommune.

Ansvarleg for tenesta