Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, kan søkje om ein barnekoordinator for hjelp til koordinering.

Kven har rett til barnekoordinator?

Barn under 18 år kan få barnekoordinator dersom dei har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og treng langvarige og koordinerte helse-, omsorgs- eller velferdstenester.

Kva gjer ein barnekoordinator?

Barnekoordinatoren hjelper familien med å få dei tenestene barnet treng, og sørgjer for at tenestene samarbeider godt.

Barnekoordinatoren kan: 

  • hjelpe familien med å koordinere tenester
  • gi informasjon om rettar og tilbod 
  • informere om aktuelle organisasjonar 
  • sørgje for at barnet si stemme blir høyrd
  • følgje opp arbeidet med individuell plan.  
  • delta i koordineringsmøte 
  • gi råd rettleiing til familien

Korleis få tilbodet?

Foreldre/føresette kan søkja om barnekoordinator. Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel. 

Søknad

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Kva skjer vidare?

Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med føresette og barnet, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette.

Korleis klagar eg om eg får avslag?

Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klaga til Statsforvaltaren. Vis til pasient- og brukarrettigheitslova § 7-2 Klage. 

Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.

Lovgrunnlag

Retten til barnekoordinator er lovfesta. Nedanfor finn du aktuelle lover og forskrifter.

Aktuelle veiledere og stortingsmeldinger 

Ansvarleg for tenesta