BPA passar til yngre personar med funksjonsnedsetting som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie sine eigne assistentar, kan dei organisere hjelpa dei treng sjølv. Brukar eller ein annan frivillig person som brukar peikar ut, må vere arbeidsleiar for assistentane.
Mål
Målet er at brukaren får moglegheit til å ha eit aktivt og uavhengig liv trass funksjonsnedsettinga si.
BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha blitt tildelt av ordinære tenester, slik som heimehjelp, støttekontakt, rettleiarteneste for busetting eller anna.
Ved vedtak om BPA har brukaren rolle som arbeidsleiar, og tar på seg eit større ansvar for organisering og innhald i forhold til sine behov.
Tenesta er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-2. Tildeling av BPA skal vurderast på same måte og innanfor dei same rettslege rammene som dei andre tenestene i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2. Det blir rekna eigendel på den delen av tenesta som blir definert som praktisk bistand.
Søk om assistanse
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.
Fritt brukarval
Fritt brukarval betyr at den som har fått innvilga BPA kan velje å få tenesta frå kommuna eller frå ein av dei private leverandørane. I leverandørbrosjyra under, finn du informasjon om kommuna sine retningslinjer for fritt brukarval.
Leverandørar
Følgjande er leverandørar i Ålesund (eksterne lenker) :
Sjå brosjyra om fritt brukarval i Ålesund kommune