Habilitering barn og unge

Barn under 18 år med alvorleg sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne har behov for oppfølging og støtte - ofte gjennom heile livet. 

Barn og unge med nedsatt funksjonsevne har rett på hjelp med å koordinere alle hjelpetenester og få dette beskrive i ein individuell plan.

Kva er habilitering?

Habilitering er samarbeid mellom deg, dine pårørande og fagpersonar om å gi støtte til at du skal klare deg best mogleg sjølv og ha eit godt liv. 

Barn og unge med behov for habilitering har ulike medisinske tilstandar eller kroniske sjukdommar. Felles er at tilstanden påverkar funksjonsnivå, læringsevne og livskvalitet i ein slik grad at dei har behov for bistand over lengre tid.

Habilitering inneber hjelp til å øve på nye funksjonar og ferdigheiter som vedkommande i utgangspunktet ikkje har hatt. Det har som mål å utvikle funksjonsevna og/eller meistringsevna med sikte på størst mogleg grad av sjølvstende og livskvalitet. Førebyggjande tiltak for å bevare eksisterande funksjonar og bremse utvikling av funksjonstap er viktig.

God planlegging av livsløpsovergangar er særleg viktig for pasientar/brukarar med habiliteringsbehov.

Tilbud til barn og unge med nedsatt funksjonsevne

Kommunale tenester som blir omtala som ein del av livslange tenester, er til dømes: 

Koordinering av tenestene

Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenestar og andre velferdstenestar, kan få hjelp til å koordinere tenestene.

Les meir om kva ein barnekoordinator kan hjelpe med.

Vil du vite meir? 

Nasjonalt senter for  barn og unge med funksjonsnedsetjingar

NAV.no - for informasjon om stønader og hjelpemidler

Bufdir - kurs for foreldre som har barn med spesielle behov

Ansvarleg for tenesta