Tryggleiksalarm

Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet.

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm er ein digital alarm som ikkje er avhengig av at du har telefon. Tryggleiksalarmen er tilknytta ein vaktsentral, som formidlar kontakt til heimesjukepleia eller annan avtalt kontaktperson. 

Tryggleiksalarm blir leigd av Haram kommune, og blir knytt opp til alarmsentralen som kommunen har avtale med.

Rekkevidde

Alarmen verkar berre i heimen og rett utanfor huset.

Kven kan få tilbodet?

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu åleine. 

Tryggleiksalarm blir tildelt ut frå ei fagleg vurdering av brukaren sitt behov, blant anna:

  • Har du ein sjukdom eller tilstand som medfører akutt behov for hjelp?
  • Er det fare for at du kan falle og skade deg?
  • Har du problem knytt til utryggleik eller angst?

Søknad

Søk om helse- og omsorgstenester

Prisar

Sjå pris for tryggleiksalarm og sporingsteknologi (GPS).

Ansvarleg for tenesta