Du har klagerett på helse- og omsorgstenester

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar, eller at du ikkje har motteke dei tenestene du har krav på. 

Ei klage bør innehalde informasjon om deg, kva slags teneste du klager på og ein kort, konkret framstilling av det som skjedde. 

 

Du sender klagen til:

Ålesund kommune

Postboks 1521

6025 Ålesund

Merk klaga med namnet på den verksemda som har gjort vedtaket eller avgjerda du ønskjer å klaga på.

Dersom kommunen er einig i klagen din, vil dei endre avgjersla og ta kontakt med deg for å gje deg tilbodet du har rett på.

Dersom dei er ueinig i klagen, blir den automatisk sendt videre til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren handsamar klagen og svarer deg med eit brev.

I klagen bør det stå kva det klagast på, og det bør kome fram opplysningar som er av betyding for handsaming av klagen. Bruk gjerne kommunen sitt eige klageskjema:

Kommunen sitt klageskjema.

Klageskjema (PDF, 57 kB)

 

Dersom du har behov for hjelp til å skrive klagen, har kommunen plikt til å hjelpe deg.

 

Klage på utføring av teneste

Dersom du meiner at tenesta du mottek ikkje er i samsvar med det vedtaket du har fått, eller på annan måte ikkje held den kvalitet som du meiner det er rimeleg å forvente, har du rett til å klage.

Ålesund kommune ønsker å være ein lærande organisasjon. Derfor vil vi gjerne høyre frå deg dersom noko ikkje er som det skal være. Vi vil nytte konstruktive tilbakemeldingar som eit ledd i læringsprosessen til korleis vi kan forbetre oss.

 

Du kan sende ein skriftleg klage eller ta ein telefon til den som er ansvarleg for tenesta. 

Innbyggartorg kan hjelpe deg å finne riktig kontaktinformasjon.

Innbyggartorg, telefon: 70 16 20 00

 

Be Statsforvaltaren vurdere

Pasientar, brukarar og andre som har rett til det, kan be Statsforvaltaren gjere ei vurdering av om det er gjort lovbrot i helse- og omsorgstenesta. Når du ber Statsforvaltaren vurdere ei hending, oppnår du ikkje ein rett til å følgje saken, men Statsforvaltaren kan kome til å utføre eit tilsyn av aktuell teneste. Informasjon frå deg er ein viktig kjelde til informasjon om eventuelle kritikkverdige tilhøve i helse- og omsorgstenesta. 

 

Du kan melde til Statsforvaltaren på eit eiget digitalt skjema: 

Melding til statsforvalter

 

 

 

Ansvarleg for tenesta