Søk helse og omsorgstenester

Slik søker du helse- og omsorgstenester tilpassa din situasjon. Søknaden blir vurdert, og du får svar innan 4 veker eller vi gir deg beskjed treng vi meir tid.

Når du søker om helse - og omsorgstenester vurderer Koordinering og tildeling, saman med deg, kva teneste(r) du har behov for. Du fyller derfor ut ein generell søknad, der du blir bede om å beskrive situasjonen din og kva du treng hjelp med. Det er ett/same søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester.

Kva hjelp kan du få?

Slik søker du

I søknadsskjemaet beskriv du behova dine, og kva du treng hjelp til.

Nokre gonger treng vi informasjon om deg som er teiepliktig, frå til dømes fastlege, helsepersonell eller andre for å kunne vurdere søknaden. I søknaden kan du velje å samtykkje til dette.

Bruk helst HelsaMi for å søke om helse- og omsorgstenester. Du kan bruke appen HelsaMi eller klikke på lenken nedenfor. Ved å bruke HelsaMi når du søker, vil søknaden komme direkte inn til Tildelingskontoret og prosessen vil kunne gå raskare. Du kan også gi dine pårørande tilgang i HelsaMi, slik at dei kan bistå deg med å søke. 

Søk i HelsaMi

Søke på vegne av deg selv

  • Trykk på: “Send inn henvendelse”. 
  • Svar på om du har barn under 18 år. 
  • Velg: “Koordinering og tildeling”. 

Søke på vegne av barn eller nokon andre

Søk i journalen til barnet i Helsami. Legg ved relevante opplysningar som kopi av epikriser/ notat frå utgreiingar i spesialisthelsetenesta, uttale frå PPT og andre relevante instansar som har betydning for søknaden. Beskriv behovet for oppfølging frå helse – og omsorgstenester i kommunen for barnet ditt.

I HelsaMi må du få tilgangar og etter det søkje om tenester på vegne av dei. Dette kan ta litt tid.  Slik gjer du det: 

Søk teneste i HelsaMi

Søk med papirskjema

Papirskjema er for deg som ikkje kan bruke digitalt skjema. Du kan laste ned papirskjema for helse- og omsorgstenester som du skriv ut sjølv, eller du kan få det frå innbyggartorget.

  • Fyll ut og signér
  • Send inn søknaden:
    • Skann og send som sikker eDialog 
    • Send i post til i posten til Ålesund kommune, Tildelingskontoret, Helse- og omsorgstenesten, Postboks 1521, 6025 Ålesund. 

Søke på vegne av nokon andre med papirskjema? 

Dersom du søker på vegne av ein annan, må du krysse av for det i skjemaet. Du må også ha ei skriftleg fullmakt frå den du søker på vegne av. Den må du sende inn saman med søknaden.

Svar på søknad

Vi tek kontakt med deg etter at vi har mottatt søknaden, og vi vil i samarbeid med deg finne ut kva hjelpetilbod du har behov for. I nokre tilfelle kjem vi heim til deg for å finne dei beste løysingane. Tenesta blir tildelt etter ei fagleg vurdering. Vi har teieplikt og behandlar alle søknadar og personlege opplysningar konfidensielt.

Sakshandsaming 

Vi prøver å behandle alle søknader innan 4 veker. Du får beskjed om vi treng lengre tid.

Om du får vedtak på tenester, blir den eninga som skal utføre tenesten varsla om at dei skal starte opp. 

Klage på helse- og omsorgstenester

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar, eller at du ikkje har motteke dei tenestene du har krav på. 

Slik kan du klage på på helse- og omsorgstenester

 Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda våre. I svaret du får tilsendt, får du informasjon om klagefrist og korleis du klagar. 

Ansvarleg for tenesta