Dette er et lavterskel samtale tilbud, til deg over 18 år, som opplever psykiske plager. Tilbodet er gratis for alle over 18 år og bur i Ålesund kommune.
Dette er eit frivillig behandlingstilbod, og det er viktig at du er motivert for endringsarbeid.
Fagpersonar er tilgjengelege på kvardagar i Ålesund og Skodje etter avtale.
Tilbodet er ikkje ei akuttteneste
Har du behov for akutt helsehjelp, kontakt:
Legevakt på telefon 116 117
Fastlegen din
Tilbodet er ikkje eigna dersom du:
- Har aktiv rusproblematikk. Ta kontakt med Oppfølgingstenesta Rus.
- Har behov for langvarige og samansette tenester. Ta kontakt med Koordinering og tildeling, eller fastlegen din for vidare vurdering og eventuell tilvising.
Kva tilbyr vi?
- Kontorbasert mellom kl. 08.00 til 16.00
- Individuelle og endringsfokuserte samtalar
- Samhandling med andre aktuelle instansar og koordinering av Individuell Plan
- Nettverksarbeid/samarbeid med pårørande og andre nære.
- I samhandling med deg, finne målsetting for tenesta og kva som er viktig for deg
- Oppfølging av livskriser/krisesituasjonar (inntil 4-6 behandlings timer)
- Psykoedukasjon; lære deg korleis ei psykisk liding eller ei krise kan verke inn på oss menneske
- Bistå deg med struktur og planlegging i kvardagen
Korleis får eg tenesta?
Kontakt kan skje enten frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta. Du kan sjølv ta personleg kontakt med Koordinering og tildeling.
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.