Beskjedar

Her finn du ei liste med kva du må hugse på når du besøkjer oss.

Dette må du hugse når du skal følgje barnet til helsestasjonen

  • Barn eller vaksne med feber, diaré, oppkast eller anna smittsom sjukdom skal ikkje møte på helsestasjonen. Ta kontakt for avbestilling av time!
  • Oppsøk fastlege eller legevakt viss barnet er sjukt og treng ei medisinsk undersøking/vurdering
  • Ta med eit pledd til dei minste barna, sidan alle skal vere avkledd under timar på helsestasjonen
  • Møt på helsestasjonen 10-15 minuttar før timen for veging og måling
  • Finn ein stelleplass når de kjem og vent på hjelp
  • Gi beskjed dersom du ikkje kan møte til avtalt tid!
  • Gi oss beskjed dersom de skal flytte!
  • Pass på at ditt barn følgjer helsestasjonsprogrammet

Vi har akkurat fått barn. Korleis kjem vi i kontakt med helsestasjonen?

Alle foreldre får tilbod om heimebesøk av helsesjukepleiar etter fødsel. Vi vil ta kontakt, og avtale tid for heimebesøk. Kontakten blir oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå sjukehuset til helsestasjonen. Deretter vil barnet bli innkalla til faste helseundersøkingar, men du kan og ta kontakt og bestille time ved behov.

Korleis kan du få oversikt og tilgang til journalopplysningar i HelsaMi

HelsaMi er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester i Midt-Norge. Du vil ha nytte av denne løysinga som føresett.

I HelsaMi kan du finne ut kven som er helsesjukepleiaren og fastlegen til barnet ditt under «Vis helsekontaktane mine». I tillegg får du tilgang til journalopplysningar og timeavtalar på helsestasjonen.

For å få denne oversikta må du som føresett be om å få tilgang til eigne barn gjennom å fylle inn eit skjema på din eigen inngang til HelsaMi.

Her kan du logge inn på HelsaMi:

  • på app’en HelsaMi på mobiltelefon eller nettbrett
  • på nettsiden helsami.no

Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).

Be om å få tilgang til eigne barn på følgjande måte:
1. Meny
2. Be om tilgang til barns helseopplysningar
3. Fyll inn skjema og send inn

HelsaMi skal utfylle og fungere i tillegg til funksjonane i Helsenorge.no

Vi skal flytte. Er det noko vi må hugse på? 

  • Rutinen er at barnet sin helsestasjonsjournal «følgjer barnet» og blir sendt til helsestasjonstenesta tilhøyrande staden barnet skal/har flytta til. Dette sikrar kontinuitet i tenestetilbodet og vidare oppfølging av barnet etter flytting.
  • Gi oss beskjed dersom de skal flytte. 
  • Har de nettopp flytta til Ålesund kommune? Ta kontakt med den tidlegare helsestasjon din for å få sendt barnet sin helsejournal til oss.

Eg er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Kva gjer eg?

Sjå her for hjelp og rettleiing.

Orientering om innsynsrett, overføring av journal og SYSVAK

Dokumentasjon og innsynsrett  

Alle tilsette i helsestasjonstenesta har etter lov plikt til å føre journal. I journalen skal helsepersonell nedfelle helseopplysningar som dei ut frå ei fagleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig å dokumentere. Journalen skal bidra til at brukaren får ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei føresette til, eller brukaren sjølv, har som hovudregel rett til innsyn og/eller utskrift av opplysningar som omtalar brukaren. Helserettsleg myndigheitsalder er 16 år.  

Overføring av journal ved flytting  

Når eit barn flyttar, er hovudregel at journal skal overførast til ny helsestasjons- og skulehelseteneste. Dette skal sikre ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei som har spørsmål i samband med sending av journal, kan ta opp dette med helsesjukepleiar på helsestasjonen.    

Registrering i nasjonalt register 

Alle vaksinar barn får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Formålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos den enkelte, samt å følgje med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinar. Ved hemmeleg adresse blir det nytta eigne ordningar. 'Mine vaksiner' gir deg oversikt over kva vaksiner du har tatt, samt vaksinasjonsstatus for dine barn under 16 år. Du kan og skrive ut vaksinasjonskort på norsk og engelsk.