Informasjon om helsestasjonstenesta 0-5 årDet kan vere spennande, men og utfordrande å vite korleis du som føresett kan forstå og støtte barnet ditt best mogleg. På helsestasjonen møter du helsesjukepleiarar som kan gi deg råd og rettleiing. Vi er her for deg og barnet ditt! Sist endra 12.09.2023 15.31 Kort fortalt Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen dersom du har spørsmål, eller opplever små og store utfordringar i kvardagen. Tenesta er gratis. Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldre pliktar å bidra til at barnet deltar i helsekontrollar. Helsestasjonen har som målsetting å vere ein positiv stad for barn og deira omsorgspersonar. Tilsette samarbeider med fastlege, andre kommunale tenester og med spesialisthelsetenesta. Helsestasjonen har rutinar for å følgje opp barnet frå fødsel og fram til skulepliktig alder, med fokus på barnet si fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Helsestasjonstenesta skal bidra til å styrke barn si eigenmeistring og vaksne si meistring av foreldrerolla. Tenesta tilbyr blant anna råd, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar. Finn din helsestasjon Det er fleire helsestasjonar i Ålesund kommune. På bakgrunn av adressa di, vil du høyre til ein helsestasjon. Dersom du er usikker på kva for ein helsestasjon du er knytt til, skal vi hjelpe deg med å finne fram. Opne kartet i nytt nettlasarvindauge Avdeling ytre Sentrum helsestasjon For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 70 16 43 20 Telefonen er open kl. 08.00 -11.45 og kl.12.45-14.00. Du kan også nå oss på e-post: sentrum.helsestasjon.og.skolehelsetjeneste@alesund.kommune.no Besøksadresse: Korsegata 4, 6002 Ålesund. 2. etasje på Sentrum familiesenter Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund Moa helsestasjon For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 70 16 45 40 Telefonen er open kl. 08.00-11.30 og kl.12.30-14.00. Du kan også nå oss på e-post: moa.helsestasjon.og.skolehelsetjeneste@alesund.kommune.no Besøksadresse: Vestmoa, 6018 Ålesund, 1. etasje i Moa helsehus Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund Blindheim helsestasjon For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 70 16 40 20 Telefonen er open kl. 08.00-12.00 og kl.13.00-14.00. Du kan også nå oss på e-post: blindheim.helsestasjon.og.skolehelsetjeneste@alesund.kommune.no Besøksadresse: Blindheim helsesenter i Skarpetegvegen 4, 6012 Ålesund Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund Avdeling indre Skodje helsestasjon Besøksadresse: Skodje Helsesenter, 1. etasje (Nordfløya av rådhuset) Nihusvegen 1 6260 Skodje Sentralbord: tlf.: 70 24 40 72 Eller tlf.: 91 58 74 37 / 47 62 79 43 Brattvåg helsestasjon Besøksadresse: Strandgata 40, 6270 Brattvåg For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 46 91 75 18 Haramsøy helsestasjon Besøksadresse: Helsehuset på Kjerstad, Jonasvegen 49, 6290 Haramsøy For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 47 86 53 04 / 70 20 75 00 Vatne helsestasjon Besøksadresse: Vatne sentrum ved småbåthamna, Vatnefjordvegen 10 C, 6265 Vatne For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 46 91 75 18 / 70 20 75 00 Harøya helsestasjon Besøksadresse: Austrevegen 15, 6487 Harøy For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 70 16 57 60 / 48 09 18 88 Ørskog helsestasjon Besøksadresse: Sjøholtvegen 88, 6240 Ørskog (underetasjen Ørskog sjukeheim - vis à vis Ørskog legekontor). For timebestilling, bytte av time eller avbestilling ring: 70 16 59 90