Hundrevis fulgte digitalt foreldremøte - Fekk du det med deg?

Det første direktesendte foreldremøtet er no gjennomført, men det er framleis råd å få det med seg. Her finn du opptak, og ressursar om du er bekymra for din ungdom.

to kvinner snakker i mikrofoner ved et bord - Klikk for stort bileteTonje Giske frå Ungdomsrådet ga sitt syn på ungdata-undersøkinga Ellen Taraldset

Det digitale foreldremøtet var eit samarbeid mellom Ålesund kommune, ved SLT-koordinator Minda Myklebust, Giske kommune, Sula kommune og Møre og Romsdal politidistrikt ved politikontakt Mirjam Ulstein.

Med dei på direktesendinga var rådgivar Randi Vartdal Knoff, som la fram resultata frå Ungdata-undersøkinga. 

Ungdata er ei undersøking som gjev eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. Undersøkinga blir gjennomført på skular over heile landet og nyttar eit standardisert og kvalitetssikra spørjeskjema som gjer det mogeleg å samanlikne ungdommar sin situasjon på ulike stadar og over tid.  

Ålesund kommune gjennomførte denne undersøkinga i vår, og resultata gir eit bilete av korleis ungdommen hadde det på dette tidspunktet.

Etter presentasjonen ga Tonje Giske frå ungdomsrådet og kommuneoverlege Alexander Wiig sine synspunkt på undersøkinga.

Politikontakt Mirjam Ulstein informerte om deira førebyggande arbeid inn mot ungdomsmiljøa, og avkrefta nokre myter om kva som er lov og ikkje. SLT-koordinatorane frå Sula og Giske la også fram eigne innlegg, med informasjon om når og kvar ein kan ta kontakt for å få hjelp om ein er bekymra for ungdommen sin.

Ålesund kommune har samla all informasjon om kva hjelpetenester vi har for barn og ungdom på denne sida.

Fekk du ikkje med deg møtet?

Direktesendinga kjem til å ligge på YouTube i 14 dagar etter sendedato. 

Vi har også lagt opp ungdomsrådet sitt bidrag som eit separat klipp, på grunn av trøbbel med lyd under sjølve sendinga.