Slik er det ungdommen vår har det

Korleis er det å vere ung i Ålesund? Mange meiner mykje, og mange “har høyrt” - utan å vite med sikkerheit. No er Ungdata tala her, og desse gir eit innblikk inn i korleis det eigentleg står til med ungdommen i kommunen vår. 

Kvinne på scene presenterer - Klikk for stort bileteRådgivar Randi Vartdal Knoff presenterte tala frå undersøkinga Jon Åge Giske Andersen

Våren 2023 har nesten 6000 barn og unge frå 5.trinn til 3. vidaregåande deltatt i Ungdata-undersøkinga for Ålesund kommune.  

Onsdag 23. august vart tala lagt fram av SLT koordinator Minda Myklebust og rådgivar for helse Randi Vartdal Knoff. 

Ekstra spennande tal 

Ungdata er eit spørjeskjema-basert verktøy som gjev eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. Undersøkinga blir gjennomført på skular over heile landet og nyttar eit standardisert og kvalitetssikra spørjeskjema som gjer det mogeleg å samanlikne ungdommar sin situasjon på ulike stadar og over tid.  

Det er velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet og KORUS som står bak Ungdata undersøkinga. Data frå alle dei lokale undersøkingane blir samla i den nasjonale Ungdatabasen og er tilgjengeleg for alle.    

Undersøkinga vert normalt tatt med ein 3 års intervall, og Ålesund kommune hadde si siste undersøking i 2020, like før landet stengte ned. Dei fleste kommunane i landet tok sine undersøkingar i 2021 og 2022, og har derfor ikkje gjort undersøkinga i år. Tala frå Ålesund kommune er derfor ekstra spennande, då dei gir eit innblikk i liva til ungdommen etter pandemien.   

Under presentasjonen fekk ungdommane sjansen til å gi sin kommentar på resultata. Dei var representert ved ungdomsrådet.

To kvinner og en mann på scenen - Klikk for stort bileteUngdomsrådet fekk gi sitt perspektiv på resultata frå undersøkinga Jon Åge Giske Andersen

Treff tenestene? 

Målet med undersøkinga er å fange heilskapen i dei unge sitt liv, og gi oss både eit augneblinksbilete, og ei slags vêrmelding av kva ein kan vente seg i framtida.  

I korte drag kan ein frå tala sjå at mange unge framleis har framtidsoptimisme, dei likar foreldra sine og trivst på skulen, dei er aktive i fritida, spis sundt og er trygge i nærmiljøet sitt. Samstundes er det også tal som viser at ein framleis har ein veg å gå. Barn og unge opplever krenkingar, rus, og dei kjeder seg på skolen.  

Ungdata tala viser trendar og utvikling over tid. Dette gjev politikarar og andre med avgjerdsmynde eit unikt bilete på om dagens tenestetilbod treff, og på kva område ein kanskje må sette inn andre tiltak for at tenestene skal treffe betre. 

Ei stemme for dei unge 

Framover skal politikarar, ungdomsråd, og ulike tenester jobbe med dei tala som denne undersøkinga har resultert i.  

– Vi skal ut for å snakke med ungdommane for å finne ut enda meir om kva som ligg bak tala vi fått i undersøkinga. Vi må bruke desse resultata godt i åra framover for å bygge opp gode tenester. Barn og ungdom fortener å bli høyrde - og å bli tatt på alvor, poengterer SLT-koordinator Minda Myklebust. 

Resultata frå årets undersøking finn du her.

Ungdata Ålesund Mellomtrinn 2023 (PDF, 4 MB)

Ungdata Ålesund Ungdomsskole 2023 (PDF, 8 MB)

Ungdata Ålesund Vidaregåande 2023 (PDF, 8 MB)

Det er også råd å finne resultata frå tidlegare års undersøkingar, i Ungdata si nettside. Søk etter Ålesund, så får du opp historiske resultat frå både noverande kommune, og frå dei ulike kommunane før kommunesamanslåinga i 2020.