Offentleg ettersyn - detaljregulering for Nordre Aspehaug - Moa - gbnr. 25/123 mfl.

Høyringsperioden er  5.4. – 21.5.2024

Ålesund kommunestyret vedtok 21.03.2024 med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) §§ 12-10 og 12-11 å leggje følgjande forslag til detaljreguleringar ut til offentleg høyring:

  • Detaljregulering for Nordre Aspehaug - Moa - gbnr. 25/123 mfl. 

Formålet med det private planforslaget er å leggje til rette for konsentrert bustadbygging av rundt 100 bueiningar på Moa i Ålesund. 

Det planleggast tre bustadblokker i 4-5 etasjar, i tillegg til ei kombinasjonsblokk med tenesteyting i første etasje og bustader i dei andre fire etasjane. 

Det leggast opp til ein delvis nedgraven felles parkeringskjellar for heile planområdet, og eit kombinert leike- og uteopphaldsareal mellom blokkene mot sør.

Oversiktskart med planområdet markert blått

 

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

 

​​Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev. 
 

Send merknadar til høyringa

Merknadar kan sendast skriftleg til Ålesund kommune på ein av følgjande måtar:


Høyringsfrist:  21.5.2024

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og geodata