Offentleg ettersyn - detaljregulering for Indreskodje - gbnr. 521/1 m.fl.

Høyringsperioden er  5.4. – 7.6.2024

Ålesund planutval vedtok 19.03.2024 med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) § 12-10 å leggje følgjande forslag til detaljreguleringar ut til offentleg høyring:

  • Detaljregulering for Indreskodje - gbnr. 521/1 m.fl.

Formålet med planen er å leggje til rette for eit nytt større bustadområde og friluftsområde innanfor det tidlegare LNF-området med spreidd busetnad og jordbruksareal på Indreskodje. Planområdet omfattar cirka 85 dekar og ligg aust for Skodje sentrum, sør for fylkesvegen. 

Planen opnar for cirka 90 bustadeiningar i ulike typar bustader med lågblokkar nærast fylkesvegen, og elles ein blanding av konsentrert og frittliggande bustadbebyggelse. Det er planlagt ein felles avkøyrsel til området, og interne vegsystem og fleire fortau og turstiar.

Oversiktskart - planområdet er markert med rød strek

 

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

 

​​Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev. 
 
Grunnet en feil ved varsling av grunneiere ved utsending av planforslaget er høringsfristen utsatt fra 21.5.2024 til 7.6.2024

Send merknadar til høyringa

Merknadar kan sendast skriftleg til Ålesund kommune på ein av følgjande måtar:


Høyringsfrist:  7.6.2024

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og geodata