Skodje barnehage

Skodje barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar i Skodje sentrum, med allsidig natur kring oss på alle kantar.

Skodje barnehage

I barnehageåret 2019-2020 oppgraderte vi uteområdet våra og vi er svært stolte av resultatet. Rett utanfor gjerdet opnar det seg et hav av moglegheiter. Vi har kort vei til sjø, vi har eit flott skogsterreng med lysløype, turstiar, gapahukar, Murvika, Gomerløa og stadion i tillegg til å ligge sentrumsnært med både bibliotek, Gomerhuset, Skodje barneskule og Skodje ungdomskule  i nærområdet.

Pedagogikk

Skodje barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen. Desse gir føringar for innhaldet og oppgåvene til Skodje barnehage.

I vår årsplan gjer vi greie for korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik, læring og danning gjennom ulike aktivitetar i kvardagen. Vi gjer også greie for verdiane våra og korleis vi jobbar for å oppfylle mandatet gitt oss gjennom Rammeplanen.

Visjonen til Skodje barnehage er: 

«Hos oss skal alle føle seg som ein positiv og ønska del av fellesskapet!»

Sjå årsplanen for Skodje barnehage 2023 - 2024 (PDF, 4 MB)

Opningstid

Opningstid for Skodje barnehage er 07.00-16.45.

  • Barnehagen serverer frukost, lunsj og fruktmåltid.
  • Barnehagen har fokus på eit sunt og variert kosthald og serverer frukt og/eller grønsaker til alle måltid.
  • Barna får varm lunsj minst ein dag i veka.

Avdelingar

Barna er delt inn i 2 avdelingar etter alder. Samansetting og størrelse på gruppene vil variere frå år til år, som ein konsekvens av opptaket.

  • Lykkeliten er småbarnsavdeling.
  • Kråkeslottet er storbarnsavdeling

Kontakt

Adresse: Stadionvegen 19, 6260

Verksemdsleiar: Janne Aamelfot

Styrar: Torill Frantzvåg Karlsmoen
 

Lykkeliten 1 grønn gruppe: 477 12 934

Lykkeliten 2, orange gruppe: 948 40 982

Kråkeslottet 1, gul gruppe: 953 62 753

Kråkeslottet 2, blå gruppe: 902 82 441

Kråkeslottet 3, rød gruppe: 468 47 485                                                                                                                                                                                                                                                                                                            

Adressa til denne nettsida: https://alesund.kommune.no/skodje-barnehage