Behandlingstid byggesak

Som hovudregel er behandlingsfristen 3 veker for byggetiltak som er i tråd med regelverket, og 12 veker for meir omfattande saker.

Du kan følge med på saka di i saksinnsyn.

Tidsfristar for kommunens saksbehandling

2 veker

  • Førehandskonferansar

3 veker

  • Igangsettingstillatelsar
  • Midlertidig brukstillatelsar
  • Ferdigattestar
  • Byggetiltak der alle vilkår er oppfylt og det ikkje er nødvendig med uttalar eller samtykke frå ei anna myndigheit

12 veker

  • Søknadar om rammeløyve
  • Søknadar med dispensasjon frå reguleringsplan
  • Søknadar der det er nødvendig med uttale eller samtykke frå ei anna myndigheit
  • Søknadar med nabomerknader

Vi reknar saksbehandlingstida frå vi mottek ein fullstendig søknad, det vil seie med all nødvendig dokumentasjon. Dersom vi må innhente ytterlegare dokumentasjon fordi søknaden ikkje er fullstendig, inngår ikkje dette i saksbehandlingstida. Det same gjeld for utrekning av saksbehandlingsgebyr.

Ansvarleg for tenesta