Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Grensepåvisning

Grensepåvising

Grensepåvising (klarlegging av eksisterande grense) blir utført over både tidlegare koordinatfesta eigedommar (eigedommar som er etablerte ved målebrev eller matrikkelbrev) og ikkje tidlegare koordinatfesta eigedommar (eldre eigedommar som er etablert ved skylddelingar/utskiftingar eller tilsvarande). 

Ved grensepåvising blir det alltid gjennomført oppmålingsforretning som tek utgangspunkt i eigedomsbeskrivande dokument. Desse blir granska/tolka og sett opp mot grensemarkeringar som ein finn i terrenget. 

Klarlegging av eksisterande grenser er heimla i matrikkellova § 17  og matrikkelforskrifta § 36

Kven kan rekvirere? 

Grensepåvisinga kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere grensepåvising (klarlegging av eksisterande grense), jf. matrikkelloven § 17  

Kva skal rekvisisjonen innehalde? 

  • Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring. 
  • Målebrev, skylddeling ev. annan dokumentasjon over aktuell eigedom.
  • Situasjonskart der det går fram kva grensepunkt som skal klarleggast/påvisast.  

Saksgang 

Når rekvisisjonen er registrert i kommunen, vert det gjennomført ein enkel gjennomgang av søknaden. Er det manglar, orienterar vi om dette. 

Dersom kriteria er oppfylt, vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til rekvirent og omfatta naboar til den aktuelle grensestrekninga. 

Etter at oppmålingsforretning er gjennomført vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grenser. Matrikkelbrevet blir oversendt rekvirent og omfatta partar. 

Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker. 

Gebyr 

Sjå kommunen sitt betalingsregulativ.

Skjema 

Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring - bokmål 

Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring - nynorsk 

Lovhenvisning 

Matrikkellova 

Matrikkelforskriften 

Sjå også 

Eigedomsinformasjon

Til toppen