Eigedomsinformasjon

I kommunen sin kartportal Isy Map kan du finne dei opplysingane om eigedommar som er fritt tilgjengelege frå Matrikkelen.

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register for eigedommar, bygningar og adresser. 

Eigedomsinformasjon
Kart Brukarrettleiing
Isy Map Brukarrettleiing (PDF, 567 kB)

I matrikkelen kan du mellom anna finne: 

  • Eigedommar: gards- og bruksnummer (og ev. feste- og seksjonsnummer), areal, grensepunkt og grenser.
  • Bygningar: bygningstype og status, antal etasjar, areal per etasje, antal brukseiningar, areal per brukseining og antal rom per brukseining.
  • Adresser: vegadresse (vegnamn og husnummer) ev. matrikkeladresse (gards- og bruksnummer), grunnkrins, valkrins og skulekrins.

Matrikkelbrev

Som privatperson kan du få utskrift av informasjonen som er registrert på eigedommen din. Dette kan du gjere ved å bestille eit matrikkelbrev, som erstattar det som tidlegare vart kalla målebrev.

Firma kan og bestille matrikkelbrev.

Bestilling kan gjerast via Ambita, Norkart eller Proconet.
Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane.

Lurer du på kven som eig ein eigedom?
Då kan du kontakte Kartverket sitt kundesenter, tlf. 32 11 80 00 (måndag-fredag kl.09-15), eller på e-post: post@kartverket.no. Privatpersonar kan eventuelt sjå dette i ei av kommunen sine to kartløysingar (Isy Map og Isy Map Server) gjennom pålogging med Elektronisk ID.

Informasjon om korleis du kan finne eigar for ein eigedom finn du nettsida om grunnboksutskrift.

Ønsker du å gjere noko med eigedomen din?
Du kan lese meir om kva du kan gjere med eigedomen din på sidene om seksjonering, deling og oppmåling.

Sjå meir om eigedom på kartverket.
Sjå meir om gards- og bruksnummer på kartverket.
Sjå pris for eigedomsinformasjon.

 

Ansvarleg for tenesta