Psykiske helsetenester for vaksne

Dei som har, eller står i fare for å få ei psykisk liding, kan få hjelp til å mestre eige liv.

Fagpersonar er tilgjengelege på dagtid i Ålesund, på Skodje og Sjøholt.

Kva tilbyr vi?

  • Individuelle og endringsfokuserte samtalar
  • Samhandling med andre aktuelle instansar og koordinering av Individuell Plan
  • Nettverksarbeid/samarbeid med pårørande og andre nære.
  • I samhandling med deg, finne målsetting for tenesta og kva som er viktig for deg
  • Oppfølging av livskriser/krisesituasjonar (inntil 4-6 behandlings timer)
  • Psykoedukasjon; lære deg korleis ei psykisk liding eller ei krise kan verke inn på oss menneske
  • Bistå deg med struktur og planlegging i kvardagen

Korleis får eg tenesta?

Kontakt kan skje enten frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta. Du kan sjølv ta personleg kontakt med Koordinering og tildeling.

Etter ein kartleggingssamtale vil sakshandsamar vurdere om dette tilbodet er det rette for deg. Dersom du er i målgruppa, vil du få eit vedtak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenestar, og du vil bli kontakta av din behandlar.

Ansvarleg for tenesta