Forløpskoordinator psykisk helse og rusUnge og vaksne med utfordringar knytt til rus/og eller psykisk helse og som er i ein overgangsfase, kan få hjelp av ein forløpskoordinator. Kven kan tenesta forløpskoordinator psykisk helse og rus vere aktuell for? Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus/og eller psykisk helse, og som er i ein overgangsfase. Overgangen kan til dømes vere mellom ein bustad til ein annan, eller frå barn til vaksenliv. Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus /og eller psykisk helse, og som avsluttar si behandling i spesialisthelsetenesta, og har behov for helse- og omsorgstenester. Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus og/eller psykisk helse, og som har eit uavklart tenestebilde i forhold til helse- og omsorgstenester. Unge og vaksne som er i pakkeforløp for utgreiing/ oppfølging psykisk helse og rus. Forløpskoordinator psykisk helse og rus frå koordinering og tildeling er inne i ein tidsavgrensa periode, og er ikkje ei varig teneste. Dersom ungdommen eller den vaksne allereie har koordinator i kommunen, følgjer denne opp. Kva gjer ein forløpskoordinator i psykisk helse og rus? Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator rus og psykisk helse kan vere: Kartlegge behov og ønskjer, og bistand med å definere målsettingar som gjeld endringar i livssituasjon. Rettleiingssamtalar Kontakt med pårørande Bistå i søkeprosess og i å etablere aktuelle tenester Bistå med informasjonsflyt mellom ulike tenester, samt jobbe for samhandling mellom tenestene, personen som har koordinator og pårørande Ta initiativ til koordineringsmøte Bistå til unge og vaksne som er i pakkeforløp for utgreiing/ oppfølging psykisk helse og rus. Korleis kome i kontakt med forløpskoordinator rus og psykisk helse? Den som har behov for forløpskoordinator psykisk helse og rus kan sjølv ta kontakt med oss. Pårørande og hjelpeapparat elles rundt brukaren kan også søkje. Du kan fylle ut søknadsskjemaet vårt og sende det i posten. Meldinga vil bli vurdert av Koordinering og tildeling. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden. Meld inn behov for forløpskoordinator psykisk helse og rus (PDF, 448 kB) Kommune- og spesialisthelsetenesta og fastlegar kan også sende henvising og forespørsel via e-melding til saksbehandlartenesta. Du kan også ringe oss: Forløpskoordinator psykisk helse og rus er: Siri Mariussen Fjørtoft Kommunale ressursar Psykisk helse og rus Individuell plan og koordinator Eksterne ressursar Pakkeforløp for psykisk helse og rus (helsenorge.no) Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Koordinering og tildeling Sist endra 02.05.2023 15.39