Ergoterapeutar bidrar til å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og kravet til kvardagen. Ein ergoterapeut gir deg moglegheit til å leve eit så aktivt liv som mogleg.
Ergoterapi for vaksne og eldre
Ergoterapeuten hjelpar deg med tilpassing av heimen din, hjelpemiddel og opplæring. Målet med ergoterapi er at du skal bli mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, anten den nedsette funksjonsevna di er mellombels eller varig.
Dette kan ein ergoterapeut gjere:
- Tek utgangspunkt i kva som er viktig for deg i kvardagen og korleis du ønskjer å delta i samfunnet.
- Kartlegg dine ressursar og utfordringar i aktivitetar, gjennom bruk av samtale, observasjon og funksjonsvurdering, gjerne i samarbeid med fysioterapeut.
- Støttar opp under målretta trening i aktivitetar som du ønskjer å meistre. Foreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar.
- Kartlegg og vurderar behov for tekniske hjelpemiddel, slik at du skal kunne meistre dine daglege aktivitetar. Gir opplæring i bruken av desse.
- Gir råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Dette kan omhandle fallførebygging, energiøkonomisering, tilrettelegging av aktivitet, tekniske hjelpemidlar og omgjevnadar, trykkavlasting og sittestilling.
- Gir råd og rettleiing om korleis bustad og andre arena kan bli tilpassa og gjort funksjonell for deg.
- Samarbeider med andre instansar og samordnar tenestetilbodet ut frå ditt behov.
- Vurdering av velferdsteknologiske løysningar.
- Møter deg i heimen din og andre stadar du oppheld deg.
Tips til deg med nedsatt funksjonsevne:
Kven kan få tilbodet?
Tenesta er aktuell for personar over 18 år som på grunn av skade, sjukdom eller andre grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar. Utfordringar med å meistre kvardagen kan skuldast fysiske, psykiske og kognitive vanskar.
Merk at det kan vere ventetid for ergoterapitenester.
Korleis få tenesta?
Søk via HelsaMi
eller
Søk om tilvisning til fysio- og ergoterapi
- Skjemaet skal fyllast ut av deg sjølv, pårørande eller helsepersonell. Ergoterapeutane er organisert i verksemda førebygging og meistring.
- Tilvisingar som kjem inn til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå alvorsgrad og hastegrad etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommuna.
Prioriteringsnøkkel for ergo – og fysioterapitenesta i Ålesund kommune:
Rask intervensjon blir vurdert å ha særleg stor betydning for brukaren sitt funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.
- Lungesjukdom i aktiv fase
- Kognitiv svikt/demens der det er stor fare for skade eller brann
- Terminal fase og kort forventa levetid
- ALS
- Trykksår eller begynnande utvikling av trykksår
- Pasientar på korttidsplass Base Indre
Max ventetid: 7 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å setja brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå, og hindre ytterlegare funksjonstap.
Problemstillingar:
- Fallrisiko utan tidlegare igangsette fallførebyggjande tiltak
- Opptrening/oppfølging ved utskriving frå sjukehus, helsehus og rehabiliteringsinstitusjonar der brukaren har hatt nytte av påbegynte tiltak, men der fysisk funksjon og/eller heimesituasjon tilseier behov for vidare intervensjon. Gjeld òg oppstart av bustadtilpassing
- Personar som på grunn av eit funksjonstap opplever aukande utfordringar, eller har slutta å utføre enkelte daglege aktivitetar dei nyleg har meistra, og difor har behov for ei vurdering
- Hurtig progredierande lidingar
- Sjukdom/skade/liding der deltaking, aktivitet, funksjon eller smerter vil bli vesentleg forverra dersom iverksetjing av tiltak blir utsett. Gjeld òg ved behov for rettleiing av personalet på institusjon
- Byte av defekte hjelpemiddel som påverkar sjølvstende i ADL, der ingen andre tenesteytarar kan utføre det
Max ventetid: 14 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Fallrisiko der fallførebyggjande tiltak er sette i gang
- Sjukdom/skade/liding med gradvis forverring, der ein ikkje fell inn under problemstillingar gitt i prioritet 1 og 2
- Behov for funksjonsvurdering vedrørande biltilpassing (base gir informasjon om saksgang dersom førespurnaden ikkje kom via tenestetelefon)
- Bustadkartlegging og oppfølging i samband med flytting, utbetring eller ombygging av bustad på grunn av langvarig/kronisk liding
Max ventetid: 30 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente.
Problemstillingar:
- Vedlikehaldstrening/-behandling (bolkebehandling)
- Varig nedsett funksjonsnivå/kroniske lidingar i stabil fase der tiltak kan vente
- Byte av hjelpemiddel der utleverte hjelpemiddel framleis kan brukast
- Bistand i planlagde overgangsfasar der oppfølginga kan planleggjast i god tid
- Balansegruppe. NB! Endre fristdato til næraste komande dato av følgjande alternativ: 10.01, 10.04, 10.08 og 10.10. Dersom deltakar i gruppa nettopp har delteke i balansegruppe som er avslutta, skal ein setje forfallsdato til den neste etter næraste komande. Døme: balansegruppe avslutta i mars → forfallsdato blir 10.08 og ikkje 10.04.
Max ventetid: 90 dagar
Pris
Tilbodet er gratis. Det kan vere eigenandel på enkelte tilretteleggingar, som trappeheis og døråpnar.
Kontakt
Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46. Måndag – fredag kl 10.00 – 13.00