Fysioterapi for vaksne

Dersom du har skada deg eller av andre grunnar har nedsett fysisk funksjonsevne, kan du få hjelp av ein fysioterapeut. Vi ventar at du deltar aktivt, og at du tar ansvar for å framme eiga helse.

Kva kan vi tilby?

Fysioterapeutane si kjernekompetanse er kropp, bevegelse og funksjon. Dette kan dei hjelpe deg med:

  • Kartlegg dine ressursar og mogelegheiter
  • Følgje opp måla dine saman med deg i ei tidsavgrensa periode
  • Undersøking og vurdering
  • Behandling og spesialisert trening, individuelt eller i grupper
  • Eit målretta tilbod om habilitering eller rehabilitering, om du har behov for det. Dette gjer vi i tett samarbeid med andre faggrupper, som ergoterapeutar og heimetenesta.
  • Råd og rettleiing til deg og eventuelt dine støttepersonar

Tips til deg med nedsatt funksjonsevne:

Kven kan få tilbodet?

Du må vere over 18 år. Er du under 18 år, kan du få fysioterapi for barn og unge.

Korleis få tenesta?

Dersom du treng fysioterapi, skal du ta direkte kontakt med ein fysioterapeut sjølv. Du treng ikkje tilvisning frå lege. Du kan velje ein fysioterapeut med kommunal driftsavtale der du vil i Ålesund. 

Oversikt over fysioterapeutar med avtale

Merk at det kan vere ventetid for å få fysioterapi.

Fysioterapi i eigen heim

Viss du ikkje kan komme deg til ein behandlingsstad, kan du kanskje få behandling i heimen din:

  • Bur du i gamle Ålesund, må du først ta kontakt med avtalefysioterapeutene som tilbyr heimebehandling.
  • Bur du i gamle Haram, Sandøy, Skodje eller Ørskog skal dei nytte tilvisningsskjema fysio- og ergoterapitenesta vaksne. Tilvisningar til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå hastegrad og alvorsgrad av eit fast team etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommunen. 

Kva kostar det?

Dersom du går til behandling hos ein fysioterapeut som har driftsavtale med kommuna eller ein kommunalt tilsett fysioterapeut, betalar du berre eigenandel til du har nådd beløpsgrensa for frikort, eigenandelstak 2. Eigenandelen følgjer faste takstar.

Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommuna, må du betale full pris. Gi beskjed seinast dagen før dersom timen må avbestillast.

Kontakt

Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46.  Måndag – fredag kl 10.00 – 13.00

Ansvarleg for tenesta