Lindrande omsorg og behandling - palliasjon

Lindrande omsorg og behandling vert også kalla palliasjon. Det handlar om symptomlindring, pleie og omsorg for best mogleg livskvalitet, når ein veit ein ikkje kan bli frisk. Hovudfokuset er kva som er viktig for deg og ditt behov her og no, uavhengig av diagnose, prognose og alder.

Vi ønskjer å levere tenester av god kvalitet til den som har behov for lindrande behandling og omsorg. Uavhengig av diagnose, i alle fasar av sjukdommen, også mot slutten av livet.

Lindrande enhet

Ålesund kommune har fokus på, og kan tilby god lindrande omsorg og behandling fleire stadar. Kommuna har også Blindheim omsorgssenter med åtte spesialiserte plassar for lindrande behandling og omsorg. Plassane kan nyttast til eit midlertidig "løft-tilbod" i ei periode for den med alvorleg sjukdom, eller være ein trygg stad for den som er i den siste fasen av livet. Her er kvalifisert helsepersonell med god kompetanse og lang erfaring med lindrande omsorg og palliasjon.

Hjelp til deg som vil døy heime

Ålesund kommune har også god heimesjukepleie og heimetenester. Dei legg til rette for at du skal kunne  leve best mogleg i eigen heim, så lenge som mogleg. Dei kan og legge til rette for at du kan døy heime, om det er det du, og dine pårørande ønskjer.

Kreftkoordinator

Ålesund kommune har tilsett kreftkoordinatorar som er utdanna kreftsjukepleiarar. Kreftkoordinatortenesta er eit lågterskeltilbod som betyr at du som pasient, eller dine næraste kan ta direkte kontakt for samtale, råd og veiledning. Dei kan og bidra med lindrande omsorg ved behov, uavhengig av diagnose.

Vil du vite meir?

Ansvarleg for tenesta