Har du eller ein du kjenner ei kreftdiagnose?

Kreftkoordinator kan være ein kontaktperson og samtalepartnar for den som er ramma av kreft og for pårørande.

Ei kreftdiagnose kan ha stor innverknad på kvardagen både for den som er råka, og for den som står den sjuke nær. Både pasient og pårørande kan få tilbod om individuell oppfølging gjennom samtalar, råd og rettleiing. Du får då hjelp av ein kreftsjukepleiar med god kompetanse og erfaring frå behandling, rehabilitering, symptomlindring, lindrande omsorg, samtale og samhandling.

Kva gjer ein kreftkoordinator?

Kreftkoordinator kan tilby veiledning og råd i alle faser av ein kreftsjukdom.

Personar med kreftdiagnose som ikkje har heimesjukepleie eller anna form for pleie- og omsorgshjelp i kommuna, og deira pårørande, kan oppleve å føle seg åleine og ha mange spørsmål. Barn som pårørande er også ei sårbar gruppe, som treng særskild merksemd.

Ein kreftkoordinator kan bidra med:

  • Støtte, råd og veiledning til den som har kreft, pårørande og helsepersonell
  • Koordinering og tilrettelegging av kvardagen til kreftramma og pårørande på ein best mogleg måte.
  • Informasjon om relevante tilbod og tenester - både i og utanfor kommuna
  • Informasjon om førebyggjande tiltak 
  • Undervisning til skular og barnehagar
  • Undervisning av helsepersonell
  • Oppfølging av barn som pårørande
  • Lindrande og palliativ omsorg. Også diagnoseuavhengig
  • Oppretting av palliativ plan
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne

Kva kostar det?

Dette er eit gratis tilbod, der ein ikkje treng tilvising eller vedtak.

Kontakt

Pasient, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Vi er tilgjengelig på dagtid, måndag til fredag kl. 08.30 - 15.30.

Grete Iren Myklebust Gjesdal

Rosalind Kobbevik

Ansvarleg for tenesta