Andre vaksinar

Det finst ei rekke andre vaksinar i tillegg til reisevaksinar og vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet.  

  • Pneumokokkvaksine til vaksne, influensavaksine, vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse og vaksine mot skogflåttencefalitt må du i dei fleste tilfelle betale for.
  • Influensavaksine og pneumokokkvaksine må du ta hos fastlegen din.
  • Her finn du informasjon om koronavaksinering.

Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år, avhengig av kva type virus som er forventa å ramme hardast. Vaksine mot sesonginfluensa er normalt tilgjengeleg på hausten. Følg med i lokale media for annonsering av influensavaksine, spør fastlegen din, eller les meir om influensavaksine her.

Les om koronavaksine her.

I enkelte yrke kan det også vere aktuelt med yrkesvaksinasjon på grunn av smittefare i samband med jobb. Dette vil som oftast dekkjast av din arbeidsgjevar.

For andre vaksinar, ta kontakt med fastlegen din for meir informasjon eller for å bestille time.

Ofte stilte spørsmål om andre vaksinar: