Reisevaksinasjon

På vaksinasjonskontoret får du rådgiving og reisevaksinar før utanlandsreiser.

  • Kva vaksinar du treng er avhengig av helsetilstanden og vaksinehistoria di, reisemål, lengda på turen og type reise. Vi hjelper deg med å avklare dette.
  • Vi oppdaterar også vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste – noko som bør gjerast kvart tiande år.
  • Bestill time i god tid, gjerne minst 5 veker før reisetidspunktet.

Timebestilling

Vaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum

  • Telefon: 70 16 43 20
  • Besøksadresse: Sentrum helsestasjon (2. etasje), Korsegata 4b
  • Timebestilling kan gjerast heile veka
  • Kontoret er ope tre dagar i veka (dagane kan variere)
  • Det kan vere redusert opningstid i skuleferiane

Legekontor

Fleire legekontor utfører også reisevaksinasjon. Ta kontakt med ditt eige fastlegekontor for timebestilling.

Uansett kor du har time, så hugs på følgjande:

  • Dersom du skal studere i utlandet, må du ta med skriv frå skulen om kva for nokre vaksinar som blir kravde
  • Ta med dokumentasjon på tidlegare vaksinar, om du har det. Vi kan også søkje opp dine vaksinar i SYSVAK. Oversikt over dine vaksinar finn du på «mine vaksiner» på helsenorge.no
  • Dersom du har ein sjukdom og brukar spesielle medisinar eller er under behandling, bør du konferere med legen din om kva for nokre vaksinar du kan ta
  • Reisevaksinasjon er ei teneste du må betale for (du finn ei prisliste lenger nede på sida). Vi gjer deg merksam på at du må betale, både for konsultasjonen og for vaksineprisen

Ofte stilte spørsmål

 

Prisliste ved reisevaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum​

  • Prisen for konsultasjon kjem i tillegg til prisen for vaksinane
  • Dersom du ikkje møter opp til avtalt time, vil du bli fakturert med eit konsultasjonsgebyr. Kontakt oss i god tid om du treng å avbestille timen
Prisar ved konsultasjon ved reisevaksinekontoret i Ålesund sentrum
Konsultasjonstype Pris per konsultasjon (sist oppdatert 26.05.23)
Vaksen kr 300,-
Barn/student kr 200,-
Konsultasjon familie (inntil 3 barn), 1.gang kr 600,-
Konsultasjon familie (inntil 3 barn) , 2. og 3. gang (same reise) kr 400,-
Internasjonalt vaksinasjonskort utanom konsultasjon kr 100,-
Internasjonalt vaksinasjonskort med påført covid-19-vaksinar (konsultasjon krevst) kr 400,-
Kjøp av drikkevaksine kr 100,-
Ikkje møtt til avtalt time (utan å gi beskjed) kr 300,-

Vaksineprisar ved reisevaksinasjonskontoret i Ålesund sentrum
Vaksine Pris per vaksinedose inkludert utstyr og hygienetillegg (sist oppdatert 26.05.23)
MMR (meslingar/kusma/røde hundar) og BCG (tuberkulose) Kr 100.-
BOOSTRIX POLIO (difteri/stivkrampe/kikhoste/polio) Kr 430.-
GULFEBER Kr 480.-
HEPATITT A, VAKSEN Kr 420.-
HEPATITT A, BARN Kr 360.-
HEPATITT B, VAKSEN Kr 370.-
HEPATITT B, BARN Kr 300.-
HEPATITT A+B, VAKSEN Kr 670.-
HEPATITT A+B, BARN Kr 500.-
JAPANSK ENCFALITT Kr 990.-
KOLERA, 1 DOSE Kr 450.-
KOLERA, 2 DOSER Kr 710.-
KOLERA/VAXCHORA Kr 700.-
MENINGOKOKK ACWY Kr 490.-
MENINGOKOKK B Kr 1100.-
POLIO Kr 250.-
RABIES Kr 780.-
SKOGFLÅTT, VAKSEN Kr 470.-
SKOGFLÅTT, BARN Kr 450.-
TYFOID (injeksjon) Kr 310.-
TYFOID (kapsler) kr 340.-
TETRAVAC (grunnvaksinasjon mot difteri/stivkrampe/kikhoste/polio) Kr 400.-