Vaksinen er distribuert ut til fastlegar og andre som skal sette vaksinane. Sjukeheimsbebuarar får tilbod om ei eiga vaksine.
- I år må alle betale for å få sett vaksinen slik som før pandemien. Vaksinen har redusert pris for risikogruppa og kostar kr 88. I tillegg kjem eit beløp for å sette vaksinen. Dette kan variere alt etter i kva situasjon du får vert vaksinert. Dei som har frikort må også betale.
- Arbeidsgivar dekker utgifter til å vaksinere helsepersonell.
Vaksinen får du hos fastlegen din
Vaksinen får du primært hos fastlegen din. Finn kontaktinformasjon til ditt legekontor her.
Kontakt fastlegen for å gjere avtale om tid for vaksine, anten i samband med ordinær time eller eigen time for vaksinasjon. For nokre legekontor finn du eigen informasjon under.
Skodje legekontor
Risikogruppa og andre kan få vaksine ved kontakt med Skodje legekontor på 70 24 40 60 eller sjølv reservere avtale ved å logge inn på helsenorge.no/timeavtale.