Mattilsynet varslar 50.000 kroner i dagbot

Mattilsynet strammar skruen og vil sikre framdrift for nytt vassbehandlingsanlegg og sikker drikkevassforsyning for innbyggarane i Ålesund, Sula og Giske.

illustrasjon av hus til prosessanlegg - Klikk for stort bilete

Mattilsynet har gjort vedtak med ny frist for kva tid nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen skal vere ferdig. Datoen som Mattilsynet no set er 1. juli 2027.

I tillegg kjem dei med varsel om vedtak om delmål i prosjektet. Det gjeld at det skal vere inngått kontrakt med entreprenør på hovudentreprise for bygging av vassbehandlingsanlegg og pumpestasjon innan 1. mars 2024.

Dersom ein ikkje når den fristen, ligg det i varselet om vedtak også inne tvangsmulkt på 50.000 kroner per dag.

illustrasjon av hus til prosessanlegg - Klikk for stort bilete
pumpestasjon hus - Klikk for stort bilete

Må ha fullgod og dobbel løysing

I brevet til Ålesund kommune seier Mattilsynet at dei vil sikre at framdrifta med nytt vassbehandlingsanlegg ikkje stoppar opp.

Dei peikar på at det ikkje finst overføringsmoglegheiter frå nabovassverk og at sjølv om uønska hendingar er sjeldan, så er konsekvensen kritisk/katastrofal.

Mattilsynet minner i brevet også om vurderingane som ligg bak krava dei har sett til ei fullgod løysing. Det er ei løysing med dobbelt system der kvar del er stor nok til å sørge for nok reint vatn til Ålesund og Sula i tillegg reservevatn til Giske.

«Med fullgod menes i denne sammenheng at svikt i ethvert viktig element i vannforsyningen ikke skal kunne slå ut store deler av normal vannforsyning til Ålesund og Sula kommuner, og reservevannforsyning til Giske kommune. For å oppnå en fullgod løsning må det etableres vannforsyning fra alternativt inntakspunkt i vannkilde med stor nok kapasitet og som er uavhengig av nåværende inntakspunkt. Det må videre etableres nytt uavhengig vannbehandlingsanlegg med overføringsledning og tilrettelegging av ledningsnett, eller annen tilsvarende løsning som sørger for at Ålesund kommune kan levere nok drikkevann av riktig kvalitet til enhver tid.»

Forventar å greie fristen

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, fortel at kontrakten som Mattilsynet har sett frist for til 1. mars 2024 er planlagt å bli inngått alt i haust. Tilboda på kontrakten skal vere komne til kommunen 18. august.

Det vi kan påverke når det gjeld framdrifta har vi kontroll på, og ut frå det vi veit no, så forventar vi å kunne innfri fristen til Mattilsynet og sleppe dagmulkt.

Krevande og motiverande

Kvinne - Klikk for stort bileteProsjektleiar for nytt vannbehandlingsanlegg i Fremmerholen, Marthe Therese Strømme.

Strømme seier i tillegg at sjølv om det er krevande å ha ein så absolutt tidsfrist for arbeidet, så er Mattilsynet si oppfølging av saka også motiverande.

Det viser kor viktig dette prosjektet er for å sikre at innbyggarane i Ålesund, Sula og Giske har sikker tilgang til reint og trygt drikkevatn.

Meir om vassbehandlingsanlegget finn du her.