Kva skal vi med byrom?

Kvar skal benkane stå? Korleis bør byromma våre sjå ut? Det er det mange av innbyggarane våre som har spurd seg. Vi veit ikkje kva resultatet skal bli, og det er kanskje litt derfor prosjektet kan virke litt forvirrande. Likevel er det heile poenget med det arbeidet som no er i gong. Er du nysgjerrig? Les artikkelen. 

Vi vil høyre frå deg! Bruk lenka under til å gi ditt innspel.  Jon Åge Giske Andersen

Byromsprosjektet er no i gong, og vi har så vidt starta med å eksperimentere. Lurer du på kva det er som skjer?  

Gi ditt innspel her          Sjå prosjektsida

Politisk forankra satsing 

Det er politisk vedtatt at vi skal utvikle byromma i Ålesund, og det er det god grunn til.  

Byromma er grå og nokså «livlause» slik dei står i dag. Det er lite fargar, belysning, møblar, planting og andre installasjonar som innbyr til opphald og bruk. Alle treng sårt ein rehabilitering og modernisering for å bli blåst nytt liv i, og ein må sjå på nye moglegheiter for bruk. 

Når ein skal finne ut korleis desse skal bli, vil vi høyre frå dykk. Derfor har vi satt ut skilt med QR-kode i byromma, slik folk i gatene kan gi sine innspel. Du finn det same skjemaet her, klikk deg inn og fortel oss kva du vil at desse byromma skal bli. 

Eit av hovudmåla i Ålesund kommunes samfunnsdel er: 

“Ålesund er det urbane og kulturelle knutepunktet mellom Bergen og Trondheim”.    

Vidare har politikarane vedtatt tilhøyrande strategi for tenesteutvikling og innovasjon:  

“Kunst og kultur er òg ein viktig bidragsytar til stads‐ og tenesteutviklinga. Kunst og kunstnaren sitt perspektiv og metodar skal vere integrert i utviklinga av kommunen. Kunst og kultur bidreg til livskvalitet for innbyggjarane og samskaping mellom ulike aktørar. Vidare er kunst og kultur avgjerande for å ta i vare Ålesund kommune sin eigenart og identitet, og bidreg til nyskaping og berekraftige løysingar.” 

Bruk av kunst og kultur til byutvikling er altså godt forankra. Likevel er ikkje dette eit kunstprosjekt, slik mange har fått inntrykk av. Det har ikkje vore kommunisert tydeleg nok, der har ikkje vi gjort ein god nok jobb, men les vidare, så vert det kanskje klarare. 

Først skal det leggast ein plan 

Arbeidet som skjer i gatene no er ein del av utforskingsarbeidet kommunen gjer, for å finne ut korleis byromma skal bli til slutt. Nokre har oppfatta det slik at dei mellombelse trekonstruksjonane er det endelege produktet, det er dei ikkje. Tenk på det som ei skisse, ein modell eller eit eksperiment, stadig i endring, med mål om å lære.  

Kunstnarane som arbeider i byromma no samlar inn informasjon som skal brukast som innspel, saman med innspel frå landskapsarkitektar og innbyggarar, til å komme med eit endeleg forslag. Verken materialbruk eller utforming vert bestemt no. Dette arbeidet skal fortsette heilt fram til november, og ti kunstnarar er involvert i dette arbeidet. Simon Wågsholm og Jørgen Stavseng er først ute av desse ti, men er altså ikkje åleine i denne rolla.  

Byromma skal bli meir attraktive, og dei skal knytast tettare saman. Dei ligg på ei linje gjennom sentrum, frå Brosundet til Borgundfjorden, dette skal framhevast. 

Mot slutten av året, skal landskapsarkitektane, arkitektane og planleggarane i byrået JAJA ta med seg erfaringane frå desse ti fagpersonane, saman med innspela frå innbyggarane og frå kommunen si prosjektgruppe – og lage konseptteikningar og skisser til det som då skal bli dei ferdige byromma. 

Folk treng ein plass å møtast 

I ei tid med mykje einsemd, manglande tilhøyrsle og utanforskap, er utvikling av gode byrom eit viktig folkehelsetiltak. Det kan vere så enkelt som ein benk, men det handlar også om utforming, grøne vekstar og innbydande omgivnadar. Målet er byrom der folk ønsker å vere, der folk vil møtast og opphalde seg over tid, der ein kan snakke saman utan for mykje bråk, og der omgivnadane kanskje kan stimulere til noko meir enn at folk berre passerer kvarandre i stillheit.   

Dette heng saman med det kommunen kallar den heilskaplege innsatstrappa. Dette er strategien for gode og berekraftige helsetenester i framtida. Utgangspunktet for innsatstrappa er å gjere det ein kan for å skape tilhøyrsel, mangfald og trivsel. Det handlar både om betre liv og betre helse, og om å minske behovet for dyrare helsetenester. 

Kva er så dette om mellombels kunst? 

Arbeidet som no er i gong er eit forprosjekt. Altså, førebuande til eit seinare hovudprosjekt. No skal planane leggast, innspel samlast og løysingar utprøvast. Det som er blitt omtalt som mellombels kunst er utprøvande arbeid utført av kunstnarar, der dei skal bidra med sin kreativitet til å finne nye og andre løysingar. Dei bidreg med si kompetanse inn i eit fellesskap beståande av arkitektar, landskapsarkitektar og andre fagpersonar.  

Kva er planen? 

Prosjektplanlegginga starta i januar i år. No i sommar har skilt med lenke til innspelsskjema kome opp, og i juli har første runde med utprøving starta i regi av dei to kunstnarane. Dette skal halde fram med ulike deltakarar fram til november.  

I oktober er fristen for å søke nye midlar frå Byen som regional motor, som også har finansiert deler av forprosjektet, til den fysiske opparbeidinga av byromma. 

Frå november av tek ein fatt på utarbeiding av konsept, basert på innspel frå innbyggarane, erfaringar gjort i forprosjektet og andre faglege innspel. Dette munnar så ut i detaljprosjekteringa som vert gjort frå januar av. 

I desember er det frist for å sende planar for installasjonar under bakken til Fylkeskommunen i byromma Harald Torsviks plass og Korsatunellen utgang sør, slik at dei kan prosjektere dette inn i Kollektivknutepunktet. Dei vil då utføre dette arbeidet saman med prosjektet deira elles, slik at ein ikkje grev opp områda på nytt 

I februar er fristen for å søke nye midlar frå KORO, som og har gitt støtte til forprosjektet. 

Etter at detaljprosjekteringa er ferdig, vert det konkurranse om entreprenør for fysisk gjennomføring av byromsoppgraderingane. 

– Vi er så vidt i startgropa på det som vil bli ei rekke prosjekt i løpet av perioden fram mot september. Vi håper folk vil gi oss ein sjanse og blir med på prosessen. Det er mange som har både kritiske og konstruktive innspel, og då er det viktig å bruke innspelsskjemaet, for meiningane kjem ikkje fram til oss gjennom Facebook. Mange har vore usikre på kva dette prosjektet skal føre til, der har ikkje vi informert godt nok.

Skjemaet er riktig kanal. Målet er at langt fleire enn dei som vanlegvis engasjerer seg i slike prosjekt skal komme med sine innspel. Det er no eit stort engasjement rundt prosjektet, og då håper vi at det fører til mange gode innspel, seier Lin Marie Nordberg Jacobsen i Ålesund kommune. 

Feil budsjett

Tidleg i prosjektperioden vart det sendt ut ein søknad til KORO, som gir tilskot til kunst i offentlege rom. Tala frå denne søknaden vart publisert i sosiale media, og har blitt kjent av mange. Problemet er at dei tala ikkje stemmer overens med det prosjektet som no er sett i gong.

I søkanden var det vist ei prosjektramme på 11 millionar, men det faktiske prosjektet har ei ramme på 6,2 millionar. Tilskota frå KORO og frå Byen som regional motor endte opp på 2,2 millionar, og finansierer åtti prosent av utprøvingsprosessen som kunstnarane er hyra for å bidra i. Resten av budsjettet er frå Ålesund kommune, som då bidreg med 4 millionar totalt. Av kommunen sin eigenkapital går 3,5 millionar til det vanlege forprosjektet, og 500 000 til utprøvingsprosessen.

For å gjennomføre dei planane som dette forprosjektet skal produsere, er ein avhengig av meir støtte frå KORO og BRM, og i Ålesund kommune sitt budsjett. Som vist til tidlegare må dei søknadane sendast ut i løpet av hausten og vinteren, kommunebudsjettet vert vedtatt i desember.