Byromsprosjektet

Prosjektet skal bidra til utvikling av utvalde byrom i Ålesund sentrum, med særleg fokus på barn, unge og eldre.

Hovudmålet for utvikling av byromma er:

  • Å lage attraktive og sanselege rom med kvardagsperspektiv, med spesielt fokus på barn, unge og eldre.
  • Å gi kunsten ei større rolle i samfunnsutviklinga.
  • Å bidra til å motverke samfunnsproblema einsemd, utanforskap og inaktivitet.

Dette er prioriteringar som kjem frå politisk vedtekne strategiar. Ålesund kommune ønsker eit bysentrum som er til gode for alle, og har tatt med seg innspel frå alle som har engasjert seg i arbeidet. Samtidig er barn, unge og eldre grupper med ei svakare stemme, og vi har valt å sjå til at deira behov vert møtt i særleg grad. 

Første fase

Det første året, frå våren 2023 av, gjekk til å teste ut ulike løysingar og å samle inn innspel frå innbyggarane og lokale aktørar. Dette tok landskapsarkitektar og arkitektar frå JAJA architects og Lala Tøyen med seg inn i arbeidet sitt, som endte med ein rapport som viser deira overordna forslag til korleis byromma kan bli. Alt dette er det ein kallar eit forprosjekt.

Forprosjektrapport (PDF, 16 MB)

Forprosjektet vart dokumentert av Mateo R. Christensen, her kan du sjå ein kortversjon av dokumentaren: