Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Studentbyen

Studentbyen

Ålesund kommune skal vere ein god universitets- og studentby. Her finn du satsingar og ulike kommunale tilbod til deg som er student. 

Studentmeldinga

I januar 2016 vart Ålesund universitetsby gjennom fusjonen mellom høgskulane i Ålesund, Gjøvik, Sør-Trøndelag og Norges Teknisk-Vitenskapelige Universitet (NTNU). Ålesund vart då ein del av Noregs største universitet, med til saman 40 000 studentar og 6 900 årsverk. Ved NTNU i Ålesund er det ca. 2 500 studentar. I tillegg har Ålesund ca. 4000 elevar i vidaregåande skular, folkehøgskular, kunstfagskule og fagskulen.

Statusen som universitetsby opnar mange spennande moglegheiter og utviklingsperspektiv både for lokalsamfunn og næringsliv i heile regionen. Samtidig gir det kommunen som vertskommune eit særskilt ansvar som må takast vare på. Vertskapsrolla omfattar mellom anna å bidra til at studentane har gode velferds- og helsetenester, botilbud, kollektivtilbod, kultur- og fritidstilbod, studentbustader og barnehagetilbod. Vidare er byutvikling og utvikling av campus sentralt for å vere attraktiv for studentane i dagen og framtida. Kommunen er òg sentral i å bidra til å knyte studentar og arbeids- og næringsliv tettare saman både for å bidra til kvalitet i studieforløpet og for å auke attraktiviteten for at studentar vel å bli i regionen etter studiane.

Sjå gjerne meir i studentmeldinga frå 2019.  (PDF, 3 MB)

Campus Ålesund

Ny områdeplan for Campus Ålesund er under arbeid. Det har vore jobba i lang tid med planen, og den er sist revidert 15. mai 2020. Områdeplanen er eit samarbeidsprosjekt under leiing av Ålesund kommune, der ei samhandlingsgruppe med NTNU, NMK, Statsbygg, ÅKP, fylkeskommunen, Studenttinget og Statens vegvesen har vore med. 

Kollektivknutepunkt, parkområde, omregulering frå bustad til campusføremål er nokre av det som er omtalt i planverket.

Gratis busskort til studentar 

Er du student og melder flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre til Ålesund kommune, kan du søke om gratis busskort for eit år. 

  • Du må ha meldt flytting etter 7. mai i år.
  • Studentar som fekk tilbodet i studieåret 2019 - 2020 kan få dette på nytt for studieåret 2020 - 2021. Ordninga er utvida grunna korona. Desse må søke på nytt for å få tilbodet i år. 

Ved å melde flytting til kommunen hjelper du oss med å lage endå betre tenester til alle som bur her. Du får sjølv ikkje berre gratis busskort, men du som student får òg fleire rettar, tenester og kan i tillegg påverke politisk.

Sjå kva du som student må ha på plass før du søker om tilbodet og korleis du skal søke.

Nyttig informasjon

Til toppen