Student i Ålesund

Ålesund kommune skal vere ein god universitets- og studentby. Her finn du ulike tilbod og satsingar retta mot deg som student.

Gratis reisekort til studenter

Student og tilflyttar? Om du melder flytting kan du få reise gratis med buss og hurtigbåt i heile fylket. 
Sjå om du kan få reisekort! 

 Glad passasjer på bussen

Om studentbyen Ålesund

Ålesund er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim.  Sjå fakta om Ålesund

I Ålesund finn du desse studiestadene for høgare utdanning: 

Vi tar vertskapsrollen på alvor og ønsker å bidra aktivt til å utvikle Ålesund som universitets- og studentby. Sjå vår plan for utvikling av Ålesund som universitets- og studentby (studentmeldingen)

Opplev Ålesund

Hvordan er det å leve, bo og jobbe i Ålesund? Det kan du finne ut meir om på sidene: 

På Destinasjon Ålesund & Sunnmøre kan du sjå kor flott det er her og kva du kan utforske. Byen har eit rikt friluftsliv. Du finn ei oversikt over våre badeplassar, friområder og turer på vår nettside.  Sjekk også ut stikkut.no og ut.no.

Jobbe under studiene?

Ålesund kommune er ein stor arbeidsgivar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. Her kan du bli mer kjent med Ålesund kommune, og her kan du sjå korleis vi jobbar med å utvikle kommunen vår.   Kanskje du vil jobbe hos oss, eller få praksis- eller læreplass?

Kultur- og fritidstilbod

Det er over mange lag og foreiningar i Ålesund kommune. På Friskus aktivitetetskalender finn du oversikt over kva kommunen, lag og foreiningar har av aktivitetar og tilbod for innbyggjarane våre. Der kan du også melde deg som frivillig.

Bypatrioten fortel om livet frå fortauskanten og har ein kalender som viser kva som skjer i byen.

Velferd og kommunale tenester

Studentsamskipnaden (Sit) skal bidra til at studentane skal trivast i Ålesund. Sit har mange tilbod til medlemmene sine mellom anna bustadformidling, trening, kantine og rådgiving. Sjå nettsida til Sit

Vil du kome deg rundt? 

Å nytte deg av kollektivtilbodet i kommunen er ein grei måte å kome seg rundt på. Hos frammr.no vil du finne reisehjelp, dei har og ein app for kjøp av billettar til både buss og båt. Du kan også få tips til aktuelle dagsturar med hurtigbåt og buss. Skal du ta flybussen er det eit eige tilbod som driftast av Vy. 

Søk om reisekort