Om helsestasjon for ungdomHelsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod til deg mellom 13-25 år som oppheld deg i Ålesund kommune. Sist endra 17.10.2023 10.44 Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod. Vi som jobbar her er vant til å prate om det meste, også det som er vanskeleg og utfordrande. Du finn HFU både på Moa og i Brattvåg. Moa: Moa Helsehus, 2. etasje. Inngang sør (same inngang som Moa legesenter). Opningstid Moa er onsdagar og torsdagar frå kl. 14.30 til 19.00 (lege til stades klokka 16.00 til 19.00). Tlf.: 40 82 35 17 I feriar og ved høgtider kan det bli annonsert andre opningstider. Følg oss på Facebook Brattvåg: Helsestasjonen sine lokale i Strandgata 40. Opningstid Brattvåg er torsdagar frå kl.15.00 til 17.00 Tlf.: 47 86 53 04 / 95 09 87 48 I feriar og ved høgtider kan det bli annonsert andre opningstider. Følg oss på Facebook Følg oss på Snapchat! Brosjyren til ung.no kan vere nyttig for deg (PDF). Aktuelle tema du kan snakke med oss om, kan til dømes vere: Seksuell helse Prevensjon og nødprevensjon Graviditet og graviditetstest Abort Kjønnssjukdommar Psykisk helse Sjølvskading Kroppsfokus Kjønnsidentitet Sosiale medium Vald og overgrep Omskjæring Rusmiddel