Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Gratis reisekort til studentar under 30 år

Er du tilflytta student under 30 år, kan du søke om gratis reisekort for eit studieår. Du må ha meld flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre til Ålesund kommune etter 1. mai i år.

Foto av jente som venter på en buss - Klikk for stort bilete FRAM / Møre og Romsdal fylkeskommune

Nytt av i år er at kortet er eit reisekort som gjeld for buss, hurtigbåt og ferje i heile Møre og Romsdal. Tidlegare har tilbodet kun dekka reise med buss i Ålesund.

Det er viktig å merke seg at om du har hatt gratis busskort tidlegare, kan du ikkje søke igjen.

Ved å melde flytting til kommunen hjelper du oss med å lage endå betre tenester til alle som bur her. Du får sjølv ikkje berre gratis reisekort, men du som student får og fleire rettar, tenester og kan i tillegg påverke politisk.

Søknadsfrist er 31. desember 2021. 

Slik går du fram

Dette må du ha på plass før du søker

  • Du må vere student ved høgare utdanning (universitet/høgskule/fagskule), ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  • Du må studere i eit heilt studieår. Utvekslingsstudentar eller andre studentar som skal vere her kun eitt semester, får dessverre ikkje tilbodet. 
  • Du må ha meldt flytting frå ein kommune utanfor Sunnmøre og fått flyttemelding. Sunnmøre er kommunane: Giske, Hareid, Herøy, Fjord, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.
  • Studentar som har nytta seg av tilbodet tidlegare kan ikkje nytte dette igjen.
  • Du må ha meldt flytting etter 1. mai 2021.

Slik melder du flytting og søker om gratis reisekort

Kortet blir aktivert etter søknaden er godkjent frå kommunen, og er gyldig til og med 31. juli 2022. Fyller du 30 år i løpet av studieåret, vert kortet deaktivert på fødselsdato.

Praktisk informasjon om tilbodet og reisekortet

Ordninga vart i bystyrevedtak frå 2018 avgrensa til å gjelde studentar som melde flytting til Ålesund frå kommunar utanfor Sunnmøre. Ålesund kommune ønskjer ikkje å påverke folketalet i nabokommunane i negativ lei.

Reisekortet er for studentar og gjeld reise med offentleg buss, hurtigbåt og ferje innanfor Møre og Romsdal. Kortet kan ikkje nyttast på Flybussen eller nattbussen.
 

Mister du reisekortet i løpet av studieåret og treng eit nytt, må du kontakte FRAM kundesenter på tlf. 71 28 01 00.

Til toppen