Gang-/sykkelveg Skodje kyrkje til Olmanngjerdet i Skodje sentrum Vi skal legge til rette for mjuke trafikantar i Skodje. Gang- og sykkelveg Skodje kyrkje Olmanngjerdet med planavgrensing.jpg Kva Vi skal gjere del av fylkesveg 5942, Engetdalsvegen, tryggare å ferdast på for mjuke trafikantar ved å bygge ny gang- og sykkelveg på 150 meter mellom Skodje kyrkje og byggefelta Olmanngjerdet/Simengjerdet i Skodje sentrum. Kommunen vil i prosjektet også utvide hovudvegen litt, og skifte rør og anlegg i grunnen, når det likevel skal gjennomførast gravearbeid. Kvifor Bygging av gang- og sykkelvegen sikrar trygg ferdsel for m.a. barn og ungdom til skule og fritidsaktivitetar, då gang- og sykkelvegen vil kople byggefelta saman med allereie etablert infrastruktur for mjuke trafikantar. Kor Når Planlagt oppstart i løpet av hausten. Kven Prosjektleiar: Einar Mar Johannesson Verksemd: Miljø og samferdsel Meir informasjon Reguleringsplan for gang og sykkelveg Skodje kyrkje Olmanngjerdet - Endeleg godkjenning (Kommunestyrevedtak 36/19) Plankart Føresegner Planomtale Sist endra 27.06.2023 16.18